Subsidiert bitcoinsatsing

Elavgifta har blitt problematisk når den fører til store subsidiar til digital gruvedrift.

SUBSIDIERT: Når staten bestemmer seg for at straumprisen skal vere ulik for ulike næringar, påverkar det investeringane. Då finn pengane vegen til subsidien i staden for til lønsemda, meiner BT. Foto: Tor Høvik (Arkiv)

Publisert:

Den digitale bitcoingruva på Dale bruker straum på nivå med Mandal kommune, men sparer 28 millionar kroner på at dei har unntak frå elavgifta. Den store subsidien av den digitale gruvedrifta synleggjer problemet med unntaket som no ligg i elavgifta. Ordinære hushaldningar og næringsliv betaler 16,58 øre pr. kWh, mot 0,48 øre for industrien.

Nesten halve straumforbruket i Noreg er heilt eller delvis unnateke elavgift.

Redusert elpris som følgje av ei låg elavgift fører til eit større forbruk. Datasentera har slått seg opp i Noreg grunna gunstige ordningar og eit solid kraftoverskot. Kryptovault si bitcoingruve på Dale er berre eitt av desse. Det er eit resultat av ein bevisst politikk frå regjeringa, og bør liggje i bakhovudet når ein som forbrukar betaler straumrekninga i vinter.

Les også

Brif: Moms og avgifter utgjør en like stor del av strømregningen som kraften

Den offentlege debatten rundt både datasenter og utanlandskablar har i stor grad handla om Noregs kraftoverskot. Eit døme er debatten om EUs tredje energipakke som raste i vår, som handla om norsk krafteksport. Få månader seinare har Noreg måtte importere straum frå Tyskland. Kraftoverskotet var ikkje større enn at det kunne tørke ut i løpet av juli.

Det bør vere tankevekkjande at det er tysk kol-, gass- og atomkraft som dekkjer det norske underskotet no i sommar.

Les også

Rekordsommer? Ikke i kraftmagasinene.

Les også

Solgte strøm til utlandet for 28 øre pr. kWh i vinter. Nå kan Norge bli nødt til å importere for 60 øre pr. kWh.

Datasenter som samlar på Bitcoin har like stor rett til å kjøpe straum som alle andre på den opne marknaden. Men marknaden er ikkje open. Når staten bestemmer seg for at straumprisen skal vere ulik for ulike næringar, påverkar det investeringane. Då finn pengane vegen til subsidien i staden for til lønsemda.

Det burde vere eit problem for ei borgarleg regjering.

Les også

Morten Myksvoll: Kraftkrevjande spekulasjonsobjekt

Både Senterpartiet og SV reagerer på at bitcoinproduksjonen får avgiftslette, og vil at regjeringa skal greie ut mogelegheita for at dei digitale gruvene må betale full elavgift. Det er brei semje om at kraftkrevjande industri skal ha unntak frå elavgifta, og både SV og Senterpartiet er einige i at ordinære datasenter òg skal få fritak.

Viss ein ønskjer den subsidierte elavgifta til livs, endar ein nok opp med eit unntak til unntaket i elavgifta. Det er uheldig. Skal regjeringa greie ut noko, så bør dei prøve å lage ei elavgift med så få unntak som mogeleg.