Nyvinningar bør ein ønskje velkomen

Slaktebåten «Norwegian Gannet» vil kunne styrke norsk lakseeksport.

OPPDRETT: Slaktebåten «Norwegian Gannet» kan overta jobben til både lakseslakteri og brønnbåtar.

Det er ikkje noko nytt at nye, meir effektive løysingar blir møtt med frykt for arbeidsplassar og krav om statleg regulering. Både fiskeriminister Tom Harald Nesvik (Frp) og Aps talskvinne for oppdrett, Ruth Grung, er urolege for følgjene av nyvinninga til bergensselskapet Hav Line.

Hav Line vil i november setje i drift slaktebåten «Norwegian Gannet». Båten skal frakte laks direkte frå oppdrettsmerdane på Vestlandet til Hirtshals i Danmark. Fisken blir slakta og sløya om bord, og kjølt ned til minus 0,5 grader. Viss selskapet held det dei lovar, vil det gje ferskare og betre laks til marknadene i Europa.

I tillegg vil det gje ein miljøvinst. Statlege Enova, som har støtta prosjektet med 6,5 millionar kroner, har rekna ut at dette fartøyet åleine kan fjerne minst 7000 vogntog frå norske vegar.

Les også

Denne laksebåten truer arbeidsplasser, men gir tryggere veier og klima

Uroa til politikarane skuldast at båten òg vil erstatte bruken av norske brønnbåtar og slakteri. Reiarlaget vonar å ta unna 65.000 tonn det første året, ti prosent av produksjonen på Vestlandet. Og båten har kapasitet til langt meir.

Politikaranes uro er forståeleg. Viss «Norwegian Gannet» lever opp til forventningane, vil det vere ei nyvinning dagens system ikkje lett vil klare å konkurrere mot.

Mykje av verdiskaping og arbeidsplassane oppdrettsnæringa har skapt i Distrikts-Noreg er knytt opp til dei ledda båten erstattar. Viss desse arbeidsplassane forsvinn, vil det ikkje berre vere eit problem for distrikta som blir råka. Det vil òg bli eit problem for ei næring som allereie slit med omdømet.

Fiskeriminister Nesvik, som sjølv har ei fortid i eit av landets største brønnbåtselskap, seier det slik i gårsdagens BT: «Skal oppdrettsnæringen ha troverdighet i distriktskommuner som avsetter areal til oppdrett, så må næringen også skape arbeidsplasser der.»

I lys av det kan det verke noko paradoksalt at Hav Line har fått nær 30 millionar i statleg støtte til prosjektet, frå Enova, Kystverket og Regionalt forskingsfond.

Fiskeriministeren og oppdrettsnæringa har her fått ei solid utfordring. «Norwegian Gannet» vil kunne styrke norsk lakseeksport, men svekkje sysselsetjinga. I alle høve på kort sikt.

Løysinga er ikkje å leggje hindringar i vegen for slike nyvinningar, men å møte utfordringa slik denne næringa har gjort heile vegen: Gjennom nye løysingar og teknologisk innovasjon.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».