Samanslåingskrakket

Vestland-krangelen om aksjar er blitt til politiske trugsmål. No må politikarane roe kraftig ned.

KRAFTKRANGEL: Aksjar for nær to milliardar kroner er kjernen i krangelen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. – No er det på tide at politikarane tar ansvar for å få samanslåinga tilbake på sporet, meiner BT. Foto: Eirik Brekke

Publisert:

Samanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er blitt ein bitter affære, som kjem til å følgje det nye Vestland fylke i mange år framover. No er det på tide at politikarane tar ansvar for å få samanslåinga tilbake på sporet.

Dei skal trass alt styre det nye fylket òg.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok tysdag å overføre aksjar verd nær to milliardar kroner i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunane i fylket. Frykta er at politikarar frå Hordaland skal skalte og valte med pengar som Sogn og Fjordane har bygd opp over lang tid.

Det er forståeleg at Sogn og Fjordane er lunkne til å innlemme milliardverdiane sine i Vestland, sidan Hordaland har mest gjeld per budsjettkrone.

Les også

Morten Myksvoll: Eit splitta Vestland

Sogn og Fjordane speler eit høgt spel. Dei seier at aksjane skal givast vekk dersom rettsvesenet gir dei medhald i ein pågåande konflikt med BKK. Men domstolen er ikkje til for å avklare hypotetiske spørsmål. Difor hevdar BKK at Sogn og Fjordane allereie har utløyst BKKs forkjøpsrett.

SFE-aksjane kan altså i teorien ende opp i BKK.

Les også

Enda mer fastlåst konflikt om Sogn og Fjordanes pengebinge

Sogn og Fjordane bør ta sjølvkritikk for prosessen, og må bidra til at denne saka får eit leveleg utfall for det nye fylket. Dei burde forsikra seg om at Hordaland forstod kva dei signerte på. I avtalen står det at verdiane «kan» plasserast i eit fond, noko Sogn og Fjordane no meiner er ei opning for å gi vekk verdiane.

Intensjonsavtalen var ikkje ei avtale mellom to forretningspartnarar. Det var ei forhandling om framtidig samarbeid. Samarbeid krev samarbeidsånd.

SIGNERTE AVTALE: Forhandlingsdelegasjonen til Hordaland burde forstått kva dei signerte på, meiner Bergens Tidende. Frå v. Pål Kårbø (KrF) og Jenny Følling (Sp). Foto: Marita Aarekol

Det meste av ansvaret for å få samanslåinga på rett spor igjen, kviler likevel på Hordaland. Forhandlingsdelegasjonen kom skeivt ut då dei ikkje forstod kva dei signerte på. Det er uansvarleg.

Denne feilen har ført til ein bitter konflikt som no har utvikla seg til reine trugsmål.

Les også

– Jeg opplever dette som en fiendtlig handling

«Dette vil bli hugsa», seier Pål Kårbø, varaordførar i Hordaland for KrF. Kårbø var Hordalands forhandlingsleiar då intensjonsavtalen mellom fylka vart inngått. Der vart partane samde om eit fond for blant anna SFE-aksjane. Då Hordaland forstod kor store verdiar det var snakk om, ville dei ikkje lenger ha fondet.

Han trugar altså med ein motreaksjon, blant anna når det gjeld lokalisering.

Det er alvorleg. Vestland kjem til å ha krevjande økonomi og store utfordringar med å samkøyre to fylke, uavhengig av denne krangelen. Det er heilt nødvendig at andre politikarar i Hordaland avlyser trugsmålet til Kårbø.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».