Fjord1 må få Solund-ferja til å gå

Folk som er avhengige av ferja, må vere trygge på at ferjeselskapet leverer.

Publisert Publisert
  • Bergens Tidende

Då ferja til Solund fekk problem med motoren, var reserveferja på verkstad. Det har gjort at sulingane ikkje har hatt eit skikkeleg ferjetilbod på over ei veke. Foto: Helge Skodvin (Arkiv)

Mange turistar har opplevd lange ferjekøar i sommar, men for turistane handlar det om ein tur eller to i år. For folk i Solund er ferja kvardagen.

Då er det ikkje haldbart at reserveferja er på verkstad utan at ei skikkeleg løysing kjem på plass.

Utan ferja er dei låst ute frå fastlandet.

Dei ferjeavhengige øybuarane er godt vane med tekniske problem, og det er noko ein berre må leve med. Ingen vil legge utpå Sognesjøen med dårleg motor, og alle forstår at ferjene kan få problem.

Ferjeselskapet har på si side eit ansvar for å gjere problema så små som mogeleg for passasjerane sine. Det klarer ikkje Fjord1, trass i at det ligg krav om det i anbodet.

Ei ny ferje skal vere på plass innan 12 timar.

Les også

Solund er avhengige av ferja for kontakt med fastlandet. No har den hatt problem sidan onsdag.

Reserven til reserveferja har ikkje klart å halde rutetabellen på sambandet. Difor vil sulingane ha stått utan eit skikkeleg ferjesamband i over ei veke når MF «Losna» kjem tilbake laurdag.

Det går utover dei vel 800 fastbuande, det lokale næringslivet og turistar. Samtidig blir berre ferja dyrare og dyrare for lokalbefolkninga.

Eit anna krav i anbodet som Fjord1 vann, var at det skulle kome på plass eit alternativ for persontransport innan fire timar etter at ei ferje vert teken ut av trafikk.

Men det er ingen som skal til kaien. Folk skal vidare derfrå, men det går ikkje kollektivtrafikk dit folk vil reise.

Det einaste som kan erstatte ferja deira, er ei skikkeleg ferje som klarer å halde ruta.

Solund er ikkje den einaste staden der Fjord1 slit. På Fedje kan det gå eitt år før «barnesjukdomane» til den nye ferja går over. Det held ikkje.

Når ein er ansvarleg for den einaste vegen til og frå jobb, men òg viktige helsetenester, så må ein ha høgare ambisjonar enn at det løyser seg på sikt.

Publisert
BT anbefaler

«Da alt var over, spilte Lars Arne Nilsen til 10 på børsen. Sjefene hans, derimot ...»

Lars Arne Nilsen avsluttet raust, ydmykt og med storsinn.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Her er Sara blitt stoppet av UP på E39: – Håpet de med vestene var fiskere

  2. Her kommer Brann-sjefen fra Trondheim – har vært i kontakt om Kåre Ingebrigtsen

  3. Nå er Robert (51) Brann-trener

  4. – Lars Arne Nilsen var aldri problemet

  5. – Hva er det vi holder på med? La gutta jobbe!

  6. Ni nye smittede etter Hurtigruten-utbruddet – en av dem fra Vestland

Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».
  1. Ferje
  2. Fjord1
  3. Solund
  4. Kollektivtrafikk