Opplæring i å bli overvaka

Vegen til helvete er som kjent brulagt med gode forsett. Forslaget om kameraovervaking på skulane bør kvelast ved fødselen.

KAMERA: Høgres byrådskandidat i Oslo, Erling Lae Solberg (til v.), vil ha kameraovervaking av fellesområda i skulane. Det vitnar om ein total mangel på prinsipiell tenking omkring privatliv og individuell fridom, skriv BT på leiarplass. Terje Pedersen

Etter fleire grove valdshendingar i Oslo-skulen, foreslår Høgres fremste bypolitikar å innføre kameraovervaking på skulane. Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) vil ikkje avvise forslaget. Det burde han gjort.

Høgres byrådsleiarkandidat Erling Lae Solberg meiner Oslo kommune bør senke terskelen for å tillate overvakingskamera i fellesområda på skulane. «Slik kan voldsepisoder oppklares og gjerningspersonar i større grad stilles til ansvar», seier han til TV2.

Høgre i Oslo har foreslått dette før, i 2017. Bystyret opna då for meir bruk av overvaking, utan å gå så langt som Høgre ville.

Får dei viljen sin no, vil det flytte grensene for kva som er akseptabelt. Dermed blir det lettare for andre, som Bergen, å gjere det same. Difor bør forslaget stoppast.

Meir overvaking er freistande fordi det er ein billig og effektiv måte å kontrollere innbyggarane på. Berre spør det kinesiske kommunistpartiet. Med massiv bruk av overvakingskamera og ansiktsattkjenning har diktaturet fått eit kraftfullt reiskap til å luke ut kritikarar, folk som sluntrar unna eller som på nokon måte motset seg partiets eineveldige makt.

I vesten har trugsmålet frå islamistisk terrorisme blitt brukt til å rettferdiggjere stadig meir inngripande overvaking av borgarane. Eit ferskt døme er regjeringas forslag om ny e-tenestelov, som opna for total overvaking av all datatrafikk som går inn og ut av Noreg.

Les også

BT-leder: Opplegg for total overvaking

Som Erling Lae Solberg meiner altså styresmaktene i ei rekke land at masseovervaking av uskuldige er ein fornuftig pris å betale for å gjere arbeidet til ordensmakta enklare. At byrådsleiaren i hovudstaden òg vurderer å overføre denne logikken til byens skular er skremmande.

Det viser ein total mangel på prinsipiell tenking omkring privatliv og individuell fridom. Spesielt ille er det fordi det skjer på skulane. Signala til elevane er då at det er i deira eigen interesse å bli overvaka. Overvaking blir dermed ein del av opplæringa. Innføring av kamera på skuleplassane vil med det ytterlegare rettferdiggjere og normalisere overvakingssamfunnet.

Valdsmennene bør takast, men ikkje gjennom overvaking som òg råkar dei som ikkje gjer noko gale. Her har Solberg sjølv fleire fornuftige forslag, som tettare samarbeid mellom kommunen og politiet, slik at ugjerningane får konsekvensar, og fleire miljøarbeidarar.

Det er slike tiltak Solberg og Johansen bør sjå etter for å løyse problemet. Meir overvaking er for enkelt, dumt og farleg.