Triksing med forsvarsbudsjettet

Det norske forsvaret treng meir pengar, ikkje kreativ bokføring frå regjeringa.

GNITEN: Statsminister Erna Solberg (H) bør gje forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) midlane som trengst for å forsvare landet, skriv BT på leiarplass. Terje Pedersen / NTB Scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) har lenge vore kritisk til å løfte det norske forsvarsbudsjettet til Nato-kravet om to prosent av verdiskapinga i landet, BNP. No undersøkjer regjeringa om dei kan kome nærmare målet ved å flytte eksisterande utgifter inn i forsvarsbudsjettet.

Til avisa Klassekampen seier Solberg at det handlar om at alle land skal rekne på same måte. Det er det vanskeleg å seie seg usamd i, men det norske forsvaret får ikkje meir midlar av at ein flyttar på budsjettpostar.

I januar åtvara forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen om at Forsvaret er for lite til at det «over tid kan klare våre plikter nasjonalt og internasjonalt».

Onsdag kunngjorde forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) at Noreg skal bidra til ein ny beredskapsstyrke i Nato, det såkalla «Nato Readiness Initiative». Det er viktig at vi stiller opp for alliansen, men det går ikkje utan at ein samstundes aukar løyvingane.

Noreg vil med dagens forsvar vere heilt avhengig av USA i tilfelle ein krig. Det minste vi då kan gjere er å yte vår skjerv, ved å auke løyvingane til to prosent av BNP, som USA krev.

Noreg har eit stort areal i høve til folketalet, og er nabo til eit Russland det er all grunn til å vere på vakt mot. Det naturlege var difor at Noregs forsvarsutgifter var større, ikkje mindre, enn andre Nato-land. To prosent av BNP bør difor reknast som eit minimum, viss det norske forsvaret skal vere truverdig

Tysdag la Nato-sjef Jens Stoltenberg fram ein oppdatert oversikt over medlemslandas forsvarsutgifter. Der fell Noreg frå 10 til 13.-plass blant Nato-landa med løyvingar på 1,7 prosent av BNP.

Solberg forsvarar det låge talet med at det norske budsjettet er høgt på grunn av oljeinntektene. Men akkurat difor er den økonomiske evna òg stor. Noreg har, ikkje minst på grunn av oljeinntektene, råd til å bruke det som trengst for å forsvare landet.

At Erna Solberg meiner dette ikkje er verd å prioritere, tyder på at kortsiktige populære tiltak veg tyngre for denne regjeringa enn å sikre landet mot eit framtidig trugsmål.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».