Ansvaret for Vigilo-skandalen er politisk

Byrådet kan ikkje frikjenne seg sjølv når kommunen står i ei personvern-krise.

Publisert:

VIGILO-KAMERATANE: Skulebyråd Linn Engø (Ap), byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og finansbyråd med ansvar for digitalisering Erlend Horn (V) møtte pressa måndag. Foto: Bård Bøe

Bergen kommune er herja av bråket om Vigilo. Skuleappen har gjort det mogeleg å få tak i sensitive opplysningar for folk som absolutt ikkje skulle hatt dei.

Denne veka kom ei intern gransking som gjev kommunen sterk kritikk. Innføringa av skuleappen har vore svært dårleg styrt. Kunnskapen om personvern er for dårleg. Dette er alvorlege funn.

Like urovekkande er det å sjå kor dårleg oppfølginga har vore etter at skandalen først var eit faktum. I haust fekk ein familie ny bustad etter at mora fann namnet til ekssambuaren i skuleappen Vigilo. Også informasjon om skulen til barnet låg tilgjengeleg. Familien hadde tidlegare følt seg truga av denne mannen.

Les også

Skolebyråden mener hun burde fått vite mer om Vigilo-problemene

«Leilighet og ny skoleplass hadde neppe kommet på plass uten pressedekning. Slik bør det ikke være. Dette er et eksempel på en svak part mot en sterk kommune», sa kvinnas advokat til BT.

Tysdag heldt byrådet ein pressekonferanse om Vigilo-problema.

Skulebyråd Linn Engø (Ap) meinte det er viktig å varsle. «Vi skal ha ein kultur for å melde frå om avvik og feil», sa Engø, og la til at «vi vil at lærarane og rektorane våre skal melde frå».

Men i Vigilo-saka stammar mange av varsla nettopp ikkje frå lærarar og rektorar, men frå foreldre og føresette.

Les også

SV vurderer mistillitsforslag mot skolebyråden etter Vigilo-rapport

I fjor melde Bergen kommune ein trettenåring til politiet etter eit datainnbrot. Innbrotet var gjort for å vise eit hol i tryggleikssystemet til kommunen – eit hol eleven for lengst hadde varsla om.

Kommunen følgde ikkje opp varselet, men gjekk i staden til politiet med varslaren.

Engø fortalde at kommunaldirektør Trine Samuelsberg tek over som prosjekteigar etter kritikken om at Vigilo-innføringa har vore for dårleg styrt.

Samstundes får den verkelege prosjekteigaren, skulebyråd Linn Engø, ros av sin sjef: «Hennar handtering i haust etter at ho blei involvert meiner eg har vore svært god», sa byrådsleiar Valhammer.

Det er byrådet som sit med det endelege ansvaret her. Til no har dei stort sett gøymt seg bak byråkratane når vanskelege spørsmål har dukka opp. Det held ikkje.

Det er nok dei færraste som vil meine at leiarskapen frå byrådet har vore «svært god» når stoda er som ho er. På nyåret kjem ei større høyring om kaoset. Det er lite som tyder på at alle fakta er komne på bordet til no.

Som Valhammer heldigvis også sa, er det byrådet som har det politiske ansvaret, på godt og vondt.

I denne saka er det mest på vondt.

BT rettar: I leiaren torsdag 5. desember heiter det at ein familie fekk ny bustad etter at «deira hemmelege adresse låg tilgjengeleg for barnemoras ekssambuar». Dette er ikkje rett. Det var informasjon om kva for ein skule barnet gjekk på som var tilgjengeleg for ekssambuaren i skuleappen Vigilo. Familien har følt seg så truga av mannen at dei tidlegare har budd på hemmeleg adresse. Dei hadde ikkje lenger denne statusen da sikkerhetssvikten skjedde. BT seier seg lei for feilen.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».