Me treng inga folkerøysting om Vestland

Sogn og Fjordane Senterparti bør grave ned igjen stridsøksa.

Publisert Publisert

Dei tidlegare fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Ap, til v.) og Jenny Følling (Sp) feira samanslåinga av Vestland med ny fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i haust. No vil Sogn og Fjordane Senterparti gjere det slutt. Foto: Silje Katrine Robinson

  1. Leserne mener

Vestland fylke hadde eksistert i akkurat to månader då Sogn og Fjordane Senterparti i helga vedtok at dei vil reversere samanslåinga.

Dei føreslår å halde ei folkerøysting om spørsmålet.

Det bør ikkje skje.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har sidan valet i fjor haust, yppa til omkamp om fylkessamanslåinga. Det er på tide å legge den ballen daud.

Å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane har teke fleire år, og kosta store summar. Å bruke endå fleire år og endå større summar på å reversere den prosessen, vil vere eit hån mot alle som no bur i Vestland.

Dei treng fylkespolitikarar som jobbar for at innbyggarane har gode vidaregåande skular, trygge vegar og godt kollektivtilbod.

Ikkje fylkespolitikarar som kastar vekk pengar på ein lang prosess, for så å ombestemme seg.

Les også

Så mye billigere er de sammen­slåtte kommunene: Hun sparer Alver for 2,1 millioner alene

I fjor var argumentet til Sogn og Fjordane Senterparti at dersom Viken og Troms og Finnmark skulle avviklast, burde også Vestland gjere det.

No seier dei at fylket ikkje har fått nok nye oppgåver og nye midlar frå staten.

Det er ein heilt legitim kritikk, som mange parti i Vestland stiller seg bak. Utanom å overta deler av Statens vegvesen, er det få oppgåver Vestland har fått som er noko å skrive heim om.

At fylka skulle få nye oppgåver, var ein føresetnad for heile regionreforma. Her bør regjeringa levere meir.

Men å bruke dette som argument for å splitte opp Vestland, gir inga meining. Sogn og Fjordane Senterparti burde heller legge kreftene i å jobbe for å få dei nye oppgåvene dei etterlyser.

Då Senterpartiet gjekk til val i Vestland i haust, skreiv dei i programmet sitt at: «Eit nytt fylke gjev nye mogelegheiter. Senterpartiet vil vere oppteke av å bygge det nye fylket på ein slik måte at ein skapar vekst og utvikling i heile fylket.»

Å føreslå ei folkerøysting med spørsmål om Vestland burde løysast opp, verkar ikkje som ein konstruktiv måte å skape vekst og utvikling.

Uansett kor mykje Senterpartiet er i beit for saker som fylkeskommunen skal løyse, bør det å reversere samanslåinga vere ei sak dei lar ligge.

Me som bur i Vestland fortener at ressursane blir brukt betre.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».