Trøbbel i dagligvarebransjen

Daglegvarekjedene har for mykje makt. Men styresmaktene verkar ute av stand til å gjere noko med det.

Publisert Publisert

RABATT: Konkurransedirektør Lars Søgard kunne onsdag fortelje at Konkurransetilsynet har avdekka at Norgesgruppen får opp til 15 prosent lågare innkjøpsprisar enn konkurrentane. Slike forskjellar sperrar for nye, små aktørar, og kan svekke konkurransen mellom dei store på sikt, skriv BT på leiarplass. Foto: Marit Hommedal

  1. Leserne mener

Konkurransetilsynet har no dokumentert det mange har trudd lenge: at landets største daglegvareselskap, Norgesgruppen, får langt større rabattar på sine innkjøp enn konkurrentane.

At dei får kjøpt inn ein tredel av varene over 15 prosent billigare enn dei to konkurrentane Coop og Rema, er likevel overraskande. Det er òg urovekkande med tanke på framtida.

Undersøkinga viser òg kva enorm barriere nye aktørar har for å kome seg inn på daglegvaremarknaden. Når det er så store forskjellar i innkjøpsprisar mellom dei tre store daglegvareselskap, må ein rekne med at prisane blir endå høgare for små aktørar.

Les også

Starter etterforskning: – Overrasket over så store prisforskjeller

Norgesgruppen har over tid auka sin marknadsandel, og hadde i fjor 43,2 prosent av marknaden. Dei er med det langt større enn dei to konkurrentane, Coop (29,3 prosent) og Rema (23,7 prosent).

Norgesgruppen sin lågpriskjede, Kiwi, er åleine nesten like stor som hovudkonkurrenten Rema. Når vi no veit at ein Kiwi-butikk kan kjøpe halvparten av varene ti prosent billigare enn enn Rema, seier det seg sjølv at dei har ein stor konkurransefordel i ein bransje der marginane er små.

Det er høgst usikkert om dagens konkurranselov kan gje grunnlag for store forbetringar. Den gjev ikkje grunnlag for å nekte leverandørane å gje betre prisar til sine største kundar, noko som er vanleg i dei fleste bransjar.

Det Konkurransetilsynet seier dei eventuelt kan «ta» Norgesgruppen på, er at dei ikkje har sendt rabattane vidare til kundane i form av lågare prisar.

Men viss det fører til at Norgesgruppen senkar prisane i butikkane, vil det berre styrke deira butikkar i konkurransen med dei andre kjedene. Dermed kan Norgesgruppen få ein endå meir dominerande posisjon.

Det viktigaste sporet Konkurransetilsynet no følgjer er difor om forskjellane i innkjøpsprisar gjer at andre aktørar blir pressa ut av marknaden. Det gjeld ikkje minst dei mange nye, innovative selskapa som leverer mat heim til folk.

Diskusjonen om maktkonsentrasjonen i daglegvarebransjen har halde på i mange år, utan at noko har skjedd. Mykje tyder på at det heller ikkje denne gongen blir tatt grep som endrar situasjonen.

Den danske konkurranseeksperten Christian Bergqvist meiner at ein i så fall må vedta ei ny lov. Men ei lov som både sikrar små nyetablerarar gode vilkår, og forbrukarane låge prisar, er ikkje enkelt å få til.

Å innføre eit forbod mot prisdiskriminering, som mellom andre Høgres Peter Christian Frølich har tatt til orde for, er vanskeleg å få til utan at det samstundes vil føre til auka prisar til forbrukarane.

I så fall er det ingen god idè. Det heller.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».