Velkomen tilbake, Storbritannia!

Handelsavtalen med Storbritannia er vårens gladsak. Samstundes er han ei påminning om kor viktig EØS-avtalen er for Noreg.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Noreg er hoffleverandør av fisk til den uoffisielle britiske nasjonalretten fish and chips. Ein ny handelsavtale er difor gode nyheiter, både for norske fiskeeksportørar og britane. Foto: Lee Smith

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Endeleg har Noreg på nytt fått ein handelsavtale med det viktigaste landet for norsk eksport, Storbritannia. Regjeringa kunne med fordel ha kome i hamn før, men det viktigaste er at Noreg har fått ein avtale som sikrar norsk eksport.

Regjeringa har ikkje hatt ein enkel jobb, etter at Storbritannia melde seg ut av EU. Å erstatte ein så omfattande og god handelsavtale som EØS-avtalen, er ikkje lett. Avtalen som no er forhandla fram, er den mest omfattande sidan EØS-avtalen i 1994.

Som vanleg var primærnæringane problemet. Noreg vil gjerne ha låg toll på bearbeidd fisk, og høg toll på landbruk. Storbritannia har motsett syn, og då spesielt for landbruket.

Like lite overraskande vart resultatet eit kompromiss, som gjer at både bønder og fiskeeksportørar er sånn passe misnøgde.

Senterpartiet og SV er kritisk til at Stortinget får under to veker til å gå gjennom den svært omfangsrike avtalen. At Stortinget ikkje får betre tid før dei må vedta avtalen, er kritikkverdig.

Men alternativet, å vente til etter sommaren, er ikkje betre. Norske eksportørar har allereie levd alt for lenge i uvisse, noko som gjer at investeringar og langsiktige kontraktar blir sett på vent. Det går ut over norske arbeidsplassar og norsk eksport.

Regjeringa har forhandla sidan august, og det er grunn til å spørje om ikkje dei kunne blitt ferdige før. Likevel er det vanskeleg å felle noko hard dom over tidsbruken:

Avtalen er svært omfattande, Storbritannia har hatt mange andre å forhandle med, og det å bli samde om fisk og jordbruk er ikkje enkelt.

Når Stortinget venteleg vedtek avtalen 17. juni, er det grunn til å feire. Stabile, langsiktige handelsavtalar er heilt grunnleggande for ein liten, open økonomi som den norske.

Men sjølv om avtalen verkar god, er han ikkje like god som EØS-avtalen. Regelverk for standard og liknande blir ikkje lenger samordna, noko som gjer eksport meir problematisk.

Slik sett er avtalen òg ei påminning om kor viktig EØS-avtalen er for Noreg. Det er ei påminning Senterpartiet og SV har godt av, viss dei skulle hamne ved kongens bord etter valet i haust.

Publisert
  1. Storbritannia
  2. Handel
  3. EØS
  4. Toll
  5. Fisk

Les mer om dette temaet

  1. Inngår historisk frihandels­avtale med Storbritannia

  2. Erna Solberg bytter norsk ost og sjømat mot britiske pølser og høns

  3. Britisk ambassadør om ny handelsavtale: Mener det ble for mye fokus på ost og fisk i debatten

  4. Europa åpner opp for turisme igjen

BT anbefaler

Trude (38) vart brutalt overfallen på jobb. Då starta ein ni år lang kamp.

Trude Gruben Breivik og mannen hadde kjøpt nytt hus på heimstaden. Fødselspermisjonen med barn nummer to var straks over.