Valvinnar i opposisjon

Det er mange som blir harme når valvinnaren endar i opposisjon. Men slik er det i politikken – og slik har det eigentleg alltid vore.

I FJELL – den tredje største kommunen i Hordaland – fekk Framstegspartiet drygt 33 prosent av røystene. 2993 fjellsokningar røysta på partiet, og framgangen var på 4,6 prosent. Eit sterkt val og ein fin framgang, endå om partiet ikkje nådde dei høgdene meiningsmålingane varsla. Likevel er Frp no største partiet i Fjell.

Men det er ingen automatikk i at partiets lokale veteran og frontfigur, Georg Indrevik, skal få hausta fruktene av valsigeren. Han har gjort det godt før også, men utan å kunna omsetja valresultatet i makt og innverknad. Han har vore valvinnar i opposisjon. Dei andre partia har bygd alliansar for å halda eit veksande Frp ute frå maktas korridorar. Rettferdig? Det er som ein ser det.

I år ser det likevel ut til at Frp kjem inn i varmen. I går kveld kom meldinga om at det er skapt ein ny allianse i Fjell, mellom Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Så no skal Frp i Fjell endeleg få prøva seg.

I NABOKOMMUNEN Askøy er det også duka for Frp denne gongen. Men heller ikkje det var sjølvsagt. Der har Arbeidarpartiet styrt i åtte år, med Kari Manger som markant ordførar. På Askøy vart det stor framgang både for Høgre og for Framstegspartiet, såpass at dei to partia utgjer eit fleirtal i Askøy kommunestyre. Kven som får ordføraren er i så måte mindre viktig. Det nye er at Frp på Askøy kjem i posisjon og får vera med i kommunestyringa framover.

I Meland hadde dei ein ordførar som hadde skifta parti frå Høgre til Senterpartiet. Ho førte Senterpartiet i Meland fram til eit kjempeval. Partiet fekk 21,5 prosent av røystene og blei største parti i kommunestyret. Høgre og Ap gjekk tilbake. Men no ser det ut til at Frp, Høgre og Ap skipar ein allianse som skal fråta Senterparti-ordføraren både vervet og makta. Rettferdig?

DET BLIR LITT FORKJÆRT å snakka om rettferd når det politiske spelet er oppe til doms. I det norske systemet er det ikkje nok å gjera eit godt val. Du må – etter valet – også vera i stand til å inngå alliansar og mønstra eit politisk fleirtal for å koma i posisjon. Dette prinsippet gjeld anten kommunen blir styrt etter formannskapsmodellen eller det parlamentariske systemet.

I Meland har Arbeidarpartiet og Høgre funne det så viktig å skifta ut den sitjande Sp-ordføraren at dei har gått i ein litt uvanleg allianse med kvarandre – og med Frp. Det kan synast underleg, men det er heilt legitimt.

I Fjell har Arbeidarpartiet strekt seg langt for å halda hovudmotstandaren sin – Framstegspartiet – borte frå makta. Dei var nær ved å lukkast. Ap i Fjell meiner det er fullt mogeleg å argumentera for at rundt 67 prosent av veljarane i Fjell røysta på andre parti enn Framstegspartiet. Konklusjon: Den som satsar på rettferd i politikken kan fort koma til å kjenna seg snytt.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».