Rusreforma må berge liv og helse

Rapporten frå rusreformutvalet gjer at vi omsider kan få eit edrueleg ordskifte om rus.

Publisert Publisert

NOK AV DETTE: Avkriminalisering er, som utvalet skriv, neppe nok til å fjerne stigmaet åleine. Men det vil hjelpe når bruken av rusmiddel ikkje lenger blir definert som eit brotsverk, men som ein sjukdom, meiner BT. Foto: Marita Aarekol

  1. Leserne mener

Torsdag var ein god dag for nokre av landets svakaste. Det regjeringsoppnemnde rusreformutvalet foreslår å avkriminalisere kjøp og oppbevaring av narkotika til eige bruk.

Vonleg er det byrjinga på slutten for at politiet skal bruke ressursar på å jage etter folk som slit meir enn nok frå før.

Den 411 sider lange rapporten dannar eit solid kunnskapsgrunnlag for eit meir opplyst ordskifte om norsk ruspolitikk.

Politidirektør Benedicte Bjørnland demonstrerte måndag korleis det ikkje skal gjerast, ved å åtvare mot avkriminalisering før ho hadde lese rapporten.

Les også

Politidirektøren skal ikke opptre som politiker

Eit skilje som vonleg vil kome betre fram i ordskiftet, går mellom avkriminalisering og legalisering.

Utvalet foreslår å endre paragraf 231 i straffelova, slik at det ikkje lenger blir ulovleg å kjøpe og oppbevare narkotika til eige bruk. Sal av narkotika skal framleis vere ulovleg.

Skiljet er viktig. Avkriminaliseringa gjer at politi og rettsvesen ikkje lenger treng å bruke ressursar på å arrestere og straffe folk som brukar narkotika.

Og endå viktigare: i staden for straff skal dei narkomane få hjelp.

Utvalet foreslår å flytte samfunnsreaksjonen frå justissektoren til helsetenesta.

Det skjer ved at kommunane får eigne einingar for narkotikasaker, og som politiet kan pålegge brukarar av narkotika til å møte i. Det kan vere ei god løysing.

Samstundes må behandlingsapparatet for dei rusavhengige styrkjast.

Fleire bør motiverast til rehabilitering, og fleire bør få tilbod om avrusing. Dessutan bør etterbehandlinga styrkjast, slik at ikkje dei rusavhengige glir tilbake i sine gamle miljø.

Kvart år døyr oppunder 300 personar av overdose i Noreg. Ein ny ruspolitikk bør også ha som siktemål å få ned dette talet.

Les også

Stopper rus-klinikk i Øvregaten

Eit mål med rusreforma er å gjere rusproblem mindre stigmatiserte i samfunnet.

Avkriminalisering er, som utvalet skriv, neppe nok til å fjerne stigmaet åleine. Men det vil hjelpe når bruken av rusmiddel ikkje lenger blir definert som eit brotsverk, men som ein sjukdom.

Rapporten skal no ut på høyring. Alle, inkludert politiet, bør no setje seg grundig inn i rapporten og møte problemstillinga utan fordommar.

Først då kan vi få eit meir kunnskapsbasert ordskifte om rus.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».