Klok skjerping av korona-beredskapen

Det burde vore sjølvsagt: Helsepersonell som har vore i område med større utbrot av korona-smitte bør ikkje gå på jobb før dei er sjekka.

Publisert Publisert

KARANTENE: Søndag vart det innført 14 dagars karantene for helsepersonell som har vore i område med sterk korona-smitte i Helse Bergen og Bergen kommune. Det kom seint men godt, skriv BT på leiarplass. Biletet er frå kommunens pressekonferanse om korona-smitten laurdag. Foto: Jannica Luoto

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 29 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Søndag kveld skjerpa Folkehelseinstituttet rådet til helsepersonell som har vore i område «med vedvarende spredning av koronavirus». Rådet er no at desse bør halde seg heime i 14. dagar, for å vere sikre på at dei ikkje er smitta. Rådet kom ikkje ein dag for seint.

I Bergen hadde Helse Bergen, som inkluderer Haukeland universitetssjukehus, innført tilsvarande retningslinjer tidlegare på dagen. Kort tid etter gjorde Bergen kommune det same for alle sine sjukeheimar.

Dei nye rutinane kjem i kjølvatnet av korona-utbrotet på Ullevål sjukehus i Oslo. Fem tilsette på augeavdelinga er registrert smitta pr. måndag ettermiddag, og 150 sett i karantene. Dette har skjedd etter at ein korona-smitta lege kom på jobb frå ein ferietur i Nord-Italia.

Trass i at legen kom frå eit område med mykje smitte, gjekk vedkomande på jobb som vanleg. Legen vart heller ikkje testa då vedkomande byrja å merke symptom som kunne tyde på smitte.

Les også

Hans K. Mjelva: Fire dagar i Roma

Sjølv om det er fornuftig at retningslinjene er skjerpa, er det grunn til å spørje kvifor ikkje Ullevål og legen tok situasjonen meir på alvor. For helsepersonell burde det vere sjølvsagt at dei ikkje tek med smitte til eit sjukehus, der det er svært mange sårbare.

Sjølv om koronaviruset er mindre farleg enn vanleg influensavirus, er det akkurat dei med svak helse og nedsett immunforsvar som er i størst fare for å døy.

Saka bør difor vere ein vekkar for helsevesenet. At helsepersonell held seg borte frå jobb når dei er sjuke og kan smitte pasientar bør vere rutine.

Ingenting som har kome fram tyder på at dette berre kunne skjedd på Ullevål. I Helse Bergen kom ikkje kravet om å halde seg heime før søndag.

Korona-viruset har sett ein ny standard for varsemd, fordi det smittar så lett. At helsevesenet no skjerpar sine rutinar er difor eit framsteg som kan hindre at utbrot som det på Ullevål kan skje igjen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».