Rådyr klimasiger

Hordalands innkjøp av elferjer er det einaste rette, men dei er så dyre at fylket treng hjelp frå staten.

KLIMAKUTT: – Elferjene vil redusere fylkeskommunens utslepp av klimagassar med 90 prosent. Samla for transportfeltet skal Hordaland fylke kutte utsleppa med 55 prosent fram til 2021.

Bjørn Erik Larsen (Arkiv)

Fylkespolitikarane skal ha skryt for å vise store ambisjonar på klimafeltet, men kostnadane vert berre delvis dekka inn av staten. Det er eit problem at fylka i vest, som har mange ferjer, får så lite hjelp frå sentrale styresmakter.

Kostnadsauken kjem likevel ikkje overraskande på fylkestinget. Dei ber difor om at staten skal gi dei 1000 kroner for kvart tonn CO₂ dei kuttar. Det er eit godt forslag. Ferjene har så lang levetid at det ville vore uansvarleg å kjøpe inn forureinande fartøy no.

Les også

Fylkesrådmannen vil legge ned båtrute og kutte avganger

Elferjene vil redusere fylkeskommunens utslepp av klimagassar med 90 prosent. Samla for transportfeltet skal Hordaland fylke kutte utsleppa med 55 prosent fram til 2021. Det betyr 168.300 færre tonn CO₂, og ambisjonane vart i 2016 påskjøna med klimastiftinga Zeros miljøpris for årets lokale klimatiltak.

Men det kostar mykje pengar, som fylkeskommunen ikkje akkurat bognar over av.

I dag bruker Hordaland fylke 357 millionar kroner på ferjedrift. I 2020 reknar ein med at kostnadane kjem til å vere 285 millionar kroner høgare. Fylkesrådmannen skriv i budsjettframlegget at kostnadsauken er så stor at den «ikkje kan løysast innanfor samferdslesektoren åleine». Det kan bety kutt på fylkets største budsjettpost: dei vidaregåande skulane.

Budsjettframlegget er Hordalands siste budsjett. Til neste år skal budsjettframlegget gjelde heile Vestland. Når Hordaland går saman med Sogn og Fjordane, får fylket endå fleire ferjer. Sogn og Fjordane har ikkje gjort den same utskiftinga av ferjene. Utfordringa med elektrifisering og klimakutt blir altså berre større.

Fylkeskommunen varsla i august at dei nye kontraktane ville føre til eit kutt i ferjetilbodet, til kraftige reaksjonar frå lokalpolitikarane. – Spørsmålet må vere om ferjedrifta burde flyttast tilbake til staten. Fylkeskommunen har vist at den ikkje er i stand til å drifte den, sa Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H).

Kritikarane har eit poeng. Dersom kutt i klimautslepp fører til kutt i ferjeavgangar, vil det på sikt redusere verdiskapinga i regionen. Det går igjen utover evna til å betale for offentlege tilbod og klimakutt.

Les også

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».