Journalistar er ikkje folkefiendar

2018 har vore eit farleg år for journalistar verda over. Det er eit sjukdomsteikn.

Publisert: Publisert:

DREPEN: Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi er den mest kjende og omtala blant dei mange ofra i 2018. Norske styresmakter må vere tydelegare i møte med brot på pressefridomen, meiner Bergens Tidende. Foto: Osman Orsal, NTB Scanpix

Journalistar er aldri blitt utsette for så mykje vald som i 2018. Dei siste tre åra har vist teikn til betring, men det snudde i år. Talet på drepne, fengsla og bortførte journalistar stig, ifølgje ein ny rapport frå Reportarar Utan Grenser.

Journalistikk er nødvendig for å utfordre private og offentlege maktapparat i både demokratiske og udemokratiske statar. Det er det mange som ikkje likar.

Trugsmål, vald og oppmodingar til hat mot pressa er alvorlege sjukdomstrekk i eitkvart samfunn, og må takast på høgste alvor.

Les også

Dette er de farligste landene for journalister

Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi er den mest kjende og omtala blant dei mange ofra i 2018. Han vart brutalt drepen inne på det saudiarabiske konsulatet i Istanbul i oktober.

I Slovakia vart Ján Kuciak myrda etter at han avslørte ein omfattande skattesvindel. Drapet førte til ei politisk krise, der heile regjeringa gjekk av.

I Bulgaria vart Viktoria Marinova brutalt drepen, samtidig som ho arbeidde med å avsløre grov korrupsjon. Styresmaktene har nekta for at drapet har noko med arbeidet hennar å gjere.

Fire amerikanske journalistar vart drepne på jobb, då lokalavisa Capital Gazette vart utsett for angrep i juni. Ein mann gjekk inn i redaksjonslokalet og byrja å skyte med ei hagle.

Les også

Morten Myksvoll: Eit drap på diplomatiet

Kina, Iran, Saudi-Arabia, Egypt og Tyrkia står for meir enn halvparten av verdas fengsla journalistar.

Norske styresmakter må vere tydelegare i møte med brot på pressefridomen. Det betyr at ein oftare må ta opp menneskerettssituasjonen når ein har politiske møte med meir autoritære statar.

Noreg kan òg stille strengare krav til mottakarar av EØS-midlar, i høve til mottakarland som Ukraina og Polen.

Åtak på enkeltjournalistar råkar ikkje berre desse individa. Det råkar heile journalistikken. I land der pressefolk er spesielt utsette, blir sjølvsensur meir vanleg.

Då held ein tilbake viktig journalistikk, i frykt for å hamne i søkjelyset til styresmaktene.

Den urovekkjande utviklinga gjer det endå viktigare at Time Magazine kåra forfølgde journalistar til «årets person» i 2018. Demokratiske statsleiarar bør gå føre med eit godt eksempel, for å redusere trugselen mot pressa.

Det første steget må vere å halde seg unna retorikken til USAs president Donald Trump, som klagar på «falske nyhende» kvar gong han får kritikk, samtidig som han omtalar pressa som «folkefiendar».

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».