Små politiskritt framover

Justisdepartementet si oppreisning til varslaren Robin Schaefer er på sin plass.

Publisert:

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt seier at han aldri har vore i tvil om at Schaefer var ein varslar etter lovens tolking. At både Justisdepartementet og den nye politimeisteren er samde om dette, gjev grunn til å vere forsiktig optimist på innbyggjarane sine vegner, skriv BT på leiarplass. Foto: Tor Høvik

Monika-saka har vore ein skandale for norsk politi, frå starten i Hordaland politidistrikt til slutten hos Riksadvokaten. Det er uforståeleg at Riksadvokaten har konkludert med at politileiinga i Hordaland ikkje braut arbeidsmiljølova gjennom måten dei handterte varslinga frå Robin Schaefer. Difor er det gledeleg at Justisdepartementet no har gitt Robin Schaefer oppreisning på 200.000 kroner. Men det set Riksadvokaten si nylege avgjerd i eit endå pussigare lys.

Politietaten si eiga handtering av Monika-saka, frå etterforsking til gransking, er diverre ikkje lett å bli klok på. Riksadvokaten konkluderer at ingen kan straffast for måten Robin Schaefer blei behandla på då han samvitsfullt varsla om feil i etterforskinga av Monika-saka. Ein grei konklusjon, men det er vanskeleg å forstå korleis Riksadvokaten tolkar varslaromgrepet.

Les også

Les kommentator Eirin Eikefjord: Forvirrende frifinnelse

Justisdepartementet ser ut til å ha eit litt meir ope og fornuftig tolking i denne saka. Advokatfirmaet Wiersholm slo i si gransking fast at Schaefer blei utsett for ulovleg gjengjelding. Den konklusjonen låg til grunn for at Schaefers advokat Torild Wik søkte om erstatning frå staten, og for oppreisninga frå departementet.

Justisdepartementet har gjort ei rett vurdering. Schaefer var utsett for umenneskeleg press for sine modige handlingar.

Det er desto meir synd å sjå at andre etatar innan dette systemet, Spesialeininga for politisaker og Riksadvokaten, ikkje bidrar til å betre forståinga av kva slags rettar ein varslar i politiet faktisk har. Riksadvokaten meiner at Schaefer hadde rapporteringsplikt som polititenestemann, og at han difor ikkje var ein varslar då han tok saka opp internt. Det er denne tolkinga som gjer at ingen einskildpersonar kan straffast for måten Schaefer blei behandla på.

Terskelen for at einskildpersonar skal straffast må vere høg. Men det er vanskeleg å forstå kvifor Riksadvokaten har vald å skilje mellom rapportering og varsling på den måten som er gjort. Ifølgje arbeidsmiljølova har varslarar eit særskilt vern. Riksadvokatens konklusjon skapar forvirring om kva varslaromgrepet inneheld. Det er uheldig.

Les også

Politimeister Kaare Songstad: - Uheldig uklarhet rundt regelverk

Politiet og rettssystemet si viktigaste oppgåve er å beskytte innbyggjarane. Monika-saka må ikkje framstå som døme på at det er viktigare å ta vare på sine eigne. Slik kan det ikkje vere.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt seier til BT at han synest regelverket rundt varsling er uklart. Det er behov for å gå gjennom det, meiner han. Det bør både Justisdepartementet, Riksadvokaten og stortingspolitikarane lytte til.

Etter den største politiskandalen i moderne tid, må det ikkje i framtida vere tvil om korleis eit så sentralt regelverk i arbeidsmiljølova skal tolkast og praktiserast.

Songstad seier at han aldri har vore i tvil om at Schaefer var ein varslar etter lovas tolking. At både Justisdepartementet og den nye politimeisteren er samde om dette, gjev grunn til å vere forsiktig optimist på innbyggjarane sine vegner.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».