Fylka må rydde opp i Ferde

Tilliten til bompengeordninga er avhengig av at politikarane får kontroll over innkrevjinga.

Publisert: Publisert:

MANGLANDE KONTROLL: «Eit spørsmål som tvingar seg fram etter NRKs avsløringar, er om fylkeskommunane gjorde ein grundig nok jobb med å gå gjennom selskapa før dei vart kjøpt opp», skriv BT på leiarplass. Foto: Ørjan Deisz (Arkiv)

Selskapet som krev inn bompengar i blant anna Bergen, har brukt ressursar på å krevje inn skatt i Nord-Kivu-provinsen i Kongo.

Det kunne NRK avsløre i helga.

Saka viser korleis bomsjef Trond Juvik brukte deler av arbeidstida si i Ferde på eit kongolesisk sideprosjekt han hadde eigarinteresser i. To av hans tilsette brukte òg arbeidstid på skatteinnkrevjinga i Kongo.

Juvik tener i dag 1,6 millionar kroner for å krevje inn bompengar mest mogeleg effektivt. Då er det ikkje akseptabelt å bruke tida på heilt andre ting.

Denne saka er ikkje den første avsløringa knytt til Ferde. I oktober kom det fram at bomselskapet har betalt fleire hundre tusen kroner til eit konsulentselskap Juvik sjølv var medeigar i.

Tilliten til innkrevjinga vart no ytterlegare svekka.

Les også

Vurderer å vrake tunnelprosjekt på grunn av høye bompenger

– Ingen av eigarane reagerte i juni då dei fekk vite om Kongo-saka i juni, sa Frank-Willy Djuvik (Frp) i Politisk kvarter på NRK måndag morgon. Han leiar kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Fylkeskommunane eig veldig mange selskap, men har ikkje eit system, rutinar eller den nødvendige kompetansen til å følgje opp dette eigarskapet på ein god måte, sa Djuvik òg.

Desse utsegnene viser at det offentlege ikkje har verken oversikt eller kontroll på eigarskapen sin. Likevel har ein tatt på seg større ansvar knytt til bominnkrevjinga.

I 2017 kjøpte fem fylkeskommunar opp det private selskapet BT Signaal, som saman med fleire andre private selskap vart til det offentlege selskapet Ferde.

Det var eit ledd i regjeringas bompengereform, der mange små bomselskap vart til nokre få, men store selskap.

Hordaland og Sogn og Fjordane eig til saman 40 prosent av det nye selskapet.

Eit spørsmål som tvingar seg fram etter NRKs avsløringar, er om fylkeskommunane gjorde ein grundig nok jobb med å gå gjennom selskapa før dei vart kjøpte opp.

Nye Vestland fylke bør ta ein grundig gjennomgang av eigarskapen sin, og vurdere kvar dei skal ha eigarinteresser. Det nye fylkestinget må sørgje for at kontrollfunksjonen deira fungerer.

For bompengeinnkrevjinga er så viktig at politikarane ikkje har råd til meir rot.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».