Ein høvding takkar for seg

Bjørn Kjos og Norwegian har gjort flyturar til folkeeige, på godt og vondt.

GRÜNDER: Sjølv om Norwegian no har problem, vil grunnleggar Bjørn Kjos bli ståande som eit godt døme på det ein kan få til med gründerånd og stå-på vilje, skriv BT på leiarplass. Trond Reidar Teigen / NTB Scanpix

Torsdag kom meldinga mange har venta på ei stund: Bjørn Kjos (72) trekker seg som konsernsjef i Norwegian – «langt på overtid» ifølgje Kjos sjølv. Det kan han gjere med godt samvit. Selskapet han har bygd opp har gjort Noreg betre.

Kjos har vore toppsjef og hovudeigar i Norwegian sidan selskapet vart etablert for 17 år sidan. Dei utfordra den gong monopolisten SAS, og gav norske reisande eit alternativ. Konkurransen førte til ein solid nedgang i billettprisane, og gjorde fly tilgjengeleg for langt fleire.

Etter det tok Kjos Norwegian ut i verda. Norwegian er no det femte største lågprisselskapet på kloden, med 500 flyruter til over 150 reisemål. Det har ikkje minst norske passasjerar fått glede av, i form av rimlege flyreiser til utlandet.

Les også

Norwegians Bjørn Kjos om avgangen: – Jeg er langt på overtid

Trass si joviale framtoning har ikkje Kjos vore nokon pusekatt. I kampen for å bygge opp selskapet har han hamna i fleire konfliktar med tilsette og fagforeiningar, både her i landet og i USA.

Samstundes har Kjos bygd opp enorme verdiar i selskapet, som han og Bjørn H. Kise framleis eig nær ein femdel av.

Ein effekt av prisfallet på billettar er at talet på flyreiser auka kraftig, noko som òg skuldast at nordmenn har fått betre råd.

At fleire flyg har dessverre òg ei negativ side, ved at utsleppa av klimagassar aukar. Men å gje Kjos og Norwegian skulda for det, er å rette bakar for smed.

Norwegian har gjort ein god jobb med å gjere flyselskapa meir effektive. Sjølv om selskap som Norwegian har eit ansvar, er det først og fremst opp til styresmaktene å få ned klimautsleppa. Til dømes ved å auke drivstoffavgiftene.

For Norwegian som selskap var det nok fornuftig at Kjos overlèt roret til andre. Selskapet er i trøbbel. Dei har svært høg gjeld, som følgje av at selskapet har vokse svært raskt internasjonalt. Det siste året har to tredeler av aksjeverdiane forsvunne.

Selskapet har òg hatt store tap som følgjer av problema med Boeing 737 Max-flya. Norwegian treng difor å få inn frisk eigenkapital. Og det hastar. Eit obligasjonslån på 2,5 milliardar har forfall i desember, og er no rekna som så risikofylt at det ikkje kan refinansierast.

Dermed må selskapet få inn pengar utanfrå. Mange har spekulert i at selskapet kan bli seld, men fungerande konsernsjef Geir Karlsen skisserte torsdag ei løysing der mange av flya blir selde til eit selskap Norwegian vil ha eigedelar i.

For Bjørn Kjos er dette neppe den utgangen han hadde drøymt om. Men Norwegian blir uansett ståande som eit godt døme på det ein kan få til med gründerånd og stå-på vilje.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».