Ein sikker E16 kan ikkje utsetjast

Vestlandet treng både Hordfast og trygg E16 mellom Bergen og Voss.

Publisert Publisert

Lokalbefolkninga langs E16 har venta lenge nok på ny veg og bane. Her frå ein demonstrasjon i 2017. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

  1. Leserne mener

Vestlandet er lova to gigantiske samferdselsprosjekt.

På ferjekaien i Sandvikvåg har både den noverande statsministeren og samferdselsministeren lova ferjefri E39.

På Arna stasjon slo ein tidlegare samferdselsminister på stortromma og lova ny jernbane og motorveg på E16 mellom Bergen og Voss.

Likevel går no debatten om kva prosjekt politikarane skal prioritere i neste års Nasjonal transportplan (NTP), som legg føringar for kor samferdslekronene skal gå dei neste fem åra.

Statens vegvesen meiner at Hordfast bør vere det prosjektet på Vestlandet som blir prioritert. Dei vil først vurdere ny E16 mellom Bergen og Voss etter 2028, og berre dersom regjeringa er villig til å gi vide økonomiske rammer.

Konklusjonen står i skarp motsetnad til store deler av det politiske miljøet på Vestlandet, som har teke til orde for å setje E16 først.

Statens vegvesen legg samfunnsøkonomisk nytte til grunn. E16-forkjemparane argumenterer for liv og helse.

Les også

Hareide ber vestlandspolitikerne prioritere veiprosjektene

Begge leirar har rett. Me på Vestlandet må difor stå fast på at me treng begge prosjekta.

Å bygge ein ferjefri strekning mellom Bergen og Stavanger, og redusere reisetida med fleire timar, vil utløyse verdiskaping og vekst langs heile traseen. Det vil skape nye arbeidsmarknader, og kunne redusere flytrafikken mellom Vestlandets to største byar.

Men det går samstundes ikkje an å vente opp mot ti år med å sikre veg og jernbane mellom Bergen og Voss.

I skrivande stund er det under to veker sidan sist vegstrekninga var stengt på grunn av ras. Reisetida for tog mellom Oslo og Bergen vil også bli kraftig redusert med ny bane.

Det ein derimot kan vurdere, er om det er mogeleg å realisere prosjekta på ein rimelegare måte. Politikarane bør også stille spørsmål ved kva deler av strekningane det er heilt naudsynt å gjere noko med no.

I førre NTP var til dømes strekninga Arna – Trengereid prioritert, fordi den var enklast å finansiere. Det er også den einaste delen av E16 mot Voss som ikkje er rasutsett.

Vestlandet er ikkje bortskjemt med store summar til samferdsel. I førre NTP fekk Vestlandet færrast kroner pr. innbyggar. Denne gongen bør det difor vere rom for å få til både Hordfast og ny E16.

Ingen av dei er prosjekt me har råd til å utsetje.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».