Historisk pensjonsforlik

Offentleg tilsette har god grunn til å vere nøgd med forslaget til ny pensjonsordning.

HISTORISK: 13 år etter Stortinget vedtok prinsippa for pensjonsreforma presenterte arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) laurdag forslaget til ny pensjonsordning i det offentlege, med støtte frå motparten. Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Pensjonsreforma er ein av dei største politiske triumfane dei siste tiåra. I møtet med eldrebølgja sikrar reforma kontroll med pensjonsutgiftene, samstundes som ho stimulerer folk til å stå lenger i arbeid.

Problemet til no har vore at offentleg sektor ikkje har vore omfatta av reforma, med eitt, viktig unntak: Den såkalla levealdersjusteringa. Den gjorde at unge i offentleg sektor låg an til å få svært låge pensjonar i framtida, utan at dei kunne jobbe lenger for å kompensere for det.

No ser det ut til at det problemet er løyst, etter at partane natt til laurdag vart samde om eit forslag til løysing. Det viktigaste med løysinga er at offentleg tilsette får dei same mogelegheitene som privat tilsette til å få ein betre pensjon ved å jobbe etter fylte 67 år.

Staten har strekt seg langt, med rause overgangsordningar som ifølgje arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) vil koste det offentlege 13 milliardar kroner. Det er likevel ein pris som er verdt å betale for å sikre at offentleg tilsette òg blir stimulert til å stå lenger i jobb.

I Noreg er det offentlege kjend for å ha svært gode pensjonsordningar. Det vil dei òg ha med forslaget som no er forhandla fram. Satsane for tenestepensjon svarar til dei beste ordningane i privat sektor, langt betre enn minimumskrava i det private, som svært mange bedrifter ligg på.

Det same gjeld ordninga for førtidspensjon, AFP-ordninga. Den skal ifølgje forslaget gjerast om frå ei fast utbetaling i åra 62–67 år til ei livsvarig ordning.

Forslaget til ny AFP-ordning er så godt at ho vil kunne skape problem i privat sektor i årets lønsforhandlingar, ifølgje adm. direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri. AFP-ordninga i det private er kraftig underfinansiert. NHO går difor inn i lønsforhandlingane med krav om å stramme inn. Mellom anna vil dei auke aldersgrensa for AFP frå 62 til 65 år.

Lier-Hansen peikar her på ein veikskap med den framforhandla avtalen. Eit av hovudpoenga med å få like pensjonsvilkår i privat og offentleg sektor, er å fjerne hinder for å byte jobb mellom sektorane. Den rause offentlege AFP-ordninga kan i verste fall bryte med dette prinsippet, og skape eit nytt hinder.

Regjeringa tek i den framforhandla avtalen atterhald om utfallet i privat sektor. Ideelt burde dei justert AFP-løysinga ned på eit nivå som privat sektor kan leve med. I røynda kan det vise seg å bli svært vanskeleg, utan at ein veltar heile avtalen.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».