Neste stopp: billettkaos

Rushtidsrabatt på buss og bybane er ikkje vegen å gå for å løyse trafikkfloka i Bergen.

SET PÅ BREMSEN: Aps framlegg om rushtidsbillett bør parkerast på eit sidespor, meiner BT på leiarplass. Rune Sævig (arkiv)

Arbeidarpartiet i Bergen meiner det nok godt når dei no går til val på å «innføre rushtidsrabatt for kollektivreisende». Problemet er berre at Ap har funne feil middel for å nå det gode målet.

«Skal vi lykkes med å få flere til å gå over fra bil til buss og bane, så er det i rushet vi må sette inn tiltakene. Det er da flest mennesker har behov for å reise», sa byrådsleiarkandidat Roger Valhammer til BT nyleg.

Det har han rett i. Bergen kan ikkje asfaltere seg ut av trafikkproblema i byen. Ein stor del av løysinga er å satse på kollektivtransporten.

Problemet er berre at Aps løysing er å starte i feil ende. I dag er det stappfullt på både bussar og bybane i rushtida. «Spesielt kaotisk er det om ettermiddagen, da buler dørene i bussene», sa Venstres Per-Arne Larsen til BT. Det hjelper lite å redusere prisane når det allereie er fullt.

Han er ein av dei som meiner byrådspartnar Ap er på feil spor i denne saka.

Det er rett å bruke pengar på kollektivsatsinga i Bergen. Men nye bussar og baner hastar meir enn lågare prisar i rushtida. Kapasiteten må opp.

Les også

Ap vil gjøre bybanebilletten billigere i rushtiden

Framlegget reiser også andre problemstillingar: Kvifor skal fylkeskommunen subsidiere dei som reiser kollektivt i rushtida, i staden for å premiere dei som reiser når kapasiteten er større? Og korleis skal dette systemet organiserast?

Det er også svært viktig ikkje å lage ordningar som tek meir tid å administrere når du skal gå på bussen eller banen. Det vil berre føre til at den blir ståande lenger på kvar haldeplass.

Kommunen kan allereie i dag gjere tiltak for å betre kapasiteten på buss og bane i rushtida. Bergen kan til dømes gjere det lettare for sine tilsette å ha fleksibel arbeidstid eller heimekontor. Det vil gjelde langt frå alle, men er eit konkret handslag for å auke kapasiteten.

Om ein fyrst skal bruke pengar på å redusere prisen for å reise, bør det gjelde alle. Særleg viktig er det å halde prisen på månadskort nede. Det skal løne seg å vere stamkunde.

Slik unngår ein å straffe dei som reiser til andre tider, og fylket lagar ikkje eit meir komplisert billettsystem enn høgst naudsynt.

Det er bra at Ap i Bergen vil samarbeide med Vestland om å betre kollektivtilbodet i rushtida. Men framlegget om rushtidsbillett bør parkerast på eit sidespor.