Det store korslaget

Regjeringa og KrF kan ikkje kaste vekk folks pengar på eit NRK-kor.

KOR E ALLE HELTAR HEN: I 2011 deltok Torhild Sivertsen i Det store korslaget på TV2. Får KrF det som dei vil, kan det bli meir korsong på tv frametter – rett nok av ein litt annan type. Foto: Kyrre Lien, Scanpix (arkiv)

Publisert:

Noreg har ein sterk og rik kortradisjon. Profesjonelle kor er det likevel ikkje så mange av, med Operakoret, Det Norske Solistkor og Bergens eige Edvard Grieg kor som viktige unntak.

KrF vil gjere noko med dette. Men i staden for å styrkje dei etablerte kormiljøa, har partiet fått regjeringa med seg på å greie ut eit profesjonelt kor som skal høyre til NRK. Det er mange grunnar til at utgreiinga bør bestå av eitt ord:

Nei.

NRK har dei seinare åra kutta ein god del. Med fylkessamanslåingane er fleire av lokalkontora igjen under press, og det er mange oppgåver NRK kunne ha teke tak i. Eit nytt kor står verkeleg ikkje øvst på den lista.

Geir Jørgen Bekkevold, stortingsrepresentant for KrF, seier til VG at han ser føre seg at det kan koste 200 millionar i året, men «understreker at dette kun er et tenkt tall». Det er grunn til å minne representanten om kven det er sine pengar han snakkar om.

Bekkevold meiner at koret kan bli finansiert av lisenspengane NRK får: «Da vil det ikke koste staten noe», seier KrF-aren til VG. Men ting blir ikkje gratis fordi du sender rekninga til lisensbetalarane i staden for å prioritere innanfor rammene av statsbudsjettet.

Les også

KrF og Frp landet budsjettenighet tross dårlig stemning

KrF bør også vere tydeleg på om desse pengane skal gå frå andre delar av NRKs budsjett i dag. Kva skal ein i så fall kutte? Om NRK skal få 200 millionar i auka finansiering, bør pengane gå til journalistikk. Uansett er dette ei innblanding i prioriteringane hos NRK som politikarane bør vere varsame med.

Den borgarlege regjeringa viser stadig at ho er raus når det gjeld å bruke folks skattepengar for å løyse politiske kniper. Den andre varianten er gjerne å hente pengar frå oljefondet. Neste generasjon er det ikkje så nøye med. Noreg fortener ei borgarleg regjering som i staden vurderer eit tredje alternativ: Nøye vurdere om dette er klok bruk av offentlege midlar.

Det kan vere gode grunnar til å styrkje det profesjonelle kormiljøet i Noreg, men det bør heller skje gjennom å styrkje dei kora landet vårt har.

Det firstemte, borgarlege blandakoret høyrest for tida ganske surt ut. Det blir ikkje meir harmoni av å ause ut pengar på eit NRK-kor.