Treng fleire elbilar

Det er for tidleg å kutte momsfritaket for elbilar.

UTSLEPPSFRI: Når berre kvar femtande bil er elektrisk, kan ikkje regjeringa ta foten av gassen, meiner Bergens Tidende. Foto: Eirik Brekke (Arkiv)

Publisert:

No vil Frp fjerne momsfritaket for elbilar, for å kutte i bompengetakstane. Venstre reagerer, og saka blir tema i dei komande regjeringsforhandlingane.

Det er viktig at det framleis er sterke fordelar ved kjøp av elbil, og Frps forslag må ikkje få gjennomslag.

Frp argumenterer med at Noreg har sett ein massiv vekst i talet på elbilar, og det er no meir enn 180.000 slike bilar på vegane. Det har dei rett i.

Noreg står midt i ei massiv fornying og elektrifisering av bilparken. Talet på nye nullutslepps personbilar steig med 88 prosent på landsbasis frå november 2017 til november 2018.

Det er likevel langt igjen. Av alle norske bilar var berre 6,5 prosent elbilar i september. Når berre kvar femtande bil er elektrisk, kan ikkje regjeringa ta foten av gassen.

Les også

Bompengeregningen det neste tiåret: 200.000 kroner pr. bilist

I Hordaland går skiftet fortare. Kvar femte passering i bompengeringen i november, var ein elbil. Det betyr at desse bilane snart skal vere med å betale bompengar.

Det er rett og rimeleg. Men det er viktig at ein framleis har gode fordelar for kjøp av nye elbilar, slik at folk heller vel elektrisk framfor bensin eller diesel.

Skiftet frå bensin- og dieselbilar til elbilar må halde fram. Noreg er verdsleiande i denne omstillinga, men den utviklinga har ikkje kome av seg sjølv. Det er politisk vedtekne fordelar som sette fart i elbilsalet, og når den fossilfrie bilparken framleis er langt unna, må politikarane halde fast på fordelane.

Les også

BTs leiar: Er det berre meg, eller koker heile kloden?

På eitt eller anna tidspunkt er det rett at òg elbilar skal betale meirverdiavgift. Men forslaget til Framstegspartiet kjem for tidleg. Forslaget deira om å bruke auka inntekter frå elbilane til å redusere bompengar vil få ein dobbelt negativ verknad:

Først vil det redusere veksten i nybilsal av elbilar, som fører til ei saktare omstilling til ein bilpark fri for klimagassar. Deretter vil det redusere kostnaden ved å køyre bil.

I Bergen vil lågare bompengar bety meir trafikk, meir kø og meir lokal luftforureining.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».