Opprør i Iran

Iran søkk stadig lenger ned i vonløysa.

PROTEST: Studentar på Teheran-universitet vart møtt med røykgranatar frå opprørspolitiet laurdag. Dei protesterer mellom anna mot den skyhøge arbeidsløysa blant unge i landet. TT / NTB Scanpix

Irans leiarskap har igjen måtte bruke makt mot sitt eige folk. Ein protest som byrja i byen Mashhad torsdag førre veke har spreidd seg til fleire delar av landet. Opprøret er det kraftigaste sidan 2009, og har til no kosta over 20 menneske livet, inkludert ein politimann og to soldatar.

President Hassan Rouhani har vore forsiktig i kritikken av protestane. «Folket har rett til å kritisere», sa han til iransk TV søndag. Samstundes la han skulda på landets «fiendar». Han meinte dei hadde provosert fram protestane som straff for at landet fekk løfta internasjonale sanksjonar, og Irans auka makt i Midtausten. Liknande skuldingar har òg kome frå Irans øvste leiar, Ayatollah Ali Khamenei.

Regimet har for vane å peike på ytre fiendar, spesielt USA, Israel og Saudi-Arabia, for ting som går gale i landet. Men protestane er i hovudsak retta mot økonomiske problem, arbeidsløyse og korrupsjon, problem som regimet sjølv har ansvaret for.

Iran har slite økonomisk sidan FN innførte sanksjonar mot landet i 2006, som ein reaksjon på landets atomvåpenprogram. I 2015 inngjekk Rouhani ein avtale, som innebar at dei fleste sanksjonane vart oppheva. Men den økonomiske oppgangen han lova folket har late vente på seg. Samstundes har prisane auka kraftig, i seg sjølv ei viktig årsak til opprøret.

Det som utløyste opprøret sist veke var eit forslag til statsbudsjett med kutt i subsidiar på brensel og velferdsordningar. Samstundes skulle religiøse institusjonar få auka budsjetta med 1,24 milliardar dollar, ifølgje SVT. Det provoserte mange.

Tysdag melde styresmaktene at dei hadde fått kontroll på opprøret, etter at 450 menneske hadde blitt arresterte. Fleire av dei risikerer å bli dømde for «kamp mot Gud» eller for å ha samarbeidd med utanlandsk etterretning, ifølgje Mousa Ghazanfar-Abadi, leiaren for Teherans revolusjonære domstol.

Frå USA og Israel har opprøret blitt hylla. Hyllesta byggjer opp under det iranske regimet si historie om at Vesten står bak. Det er neppe opprørarane særleg glade for.