Bergen treng betre næringsvet

Det er klokt av byrådet å trekkje seg ut av Business Region Bergen.

Det er fornuftig av byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) å trekkje seg ut av Business Region Bergen (BRB), skriv BT på leiarplass.

Vedtaket om å gå ut av samarbeidetBusiness Region Bergen (BRB) er riktig. Byrådet, som består av Arbeidarpartiet, Venstre og KrF, vil at kommunen styrkjer sin eigen næringspolitikk, og at den gjer det aller best ved å ta styringa sjølv.

Business Region Bergen blei etablert i 2008 som eit samarbeid mellom fylkeskommunen og over 20 kommunar i Hordaland, med Bergen i spissen. Føremålet var mellom anna å drive regional næringsutvikling og marknadsføring av regionen, i tillegg til å betre dialogen mellom eigarkommunane.

Bergen kommune har bidrege med mest pengar, og har brukt inntil ti millionar kroner årleg på dette, totalt 68 millionar kroner. Totalt har BRB i perioden mottatt 120 millionar kroner. I ettertid er det særs vanskeleg å sjå kva Bergen og dei andre kommunane har fått igjen for denne investeringa.

I 2013 gjennomførte selskapet Deloitte ein selskapskontroll av BRB på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune. Granskingsrapporten kritiserte pengebruken, og peikte mellom anna på manglande rutinar for budsjettering. BRB har vist positiv utvikling i etterkant av Deloitte-rapporten, men har ikkje vist til gode nok resultat verken for Bergen eller regionen. Slik sett er det på høg tid at kommunen trekk seg ut.

  • Debatt: 114 millionar på ville vegar
    Når Bergen no skal styrkje sin eigen næringsseksjon, må byrådet gjere langt meir enn å flytte pengar frå BRB til rådhuset. I dag har seksjonen to tilsette, og dei må bli fleire. Men dei som skal jobbe i seksjonen må ha ein tydeleg og målbar strategi å jobbe etter. Bergen må bli meir attraktiv for bedrifter og for gründerar. Kommunen må sørgje for at bedrifter som vil etablere seg her, får svar og hjelp. Ein må sikre fornuftig planlegging av næringsareal og byen må utvikle seg som turistmål.

Dei siste åra har Bergen også etablert ei rekkje næringsklyngjer: forsking, media, maritime og marine næringar, subsea. Her må Bergen kommune vere langt meir aktiv. Ein ny næringspolitisk strategi må innehalde planar for korleis desse klyngjene kan utvikle seg vidare.

Sjølv om BRB no legg ned, så bør delar av samarbeidet bli ført vidare. 300 gründerar harårleg vore gjennom BRB sitt etablerarsenter, og halvparten av desse har i etterkant starta sin eigen bedrift. Det kan vere naturleg at fylkeskommunen tar over drifta av dette og at kommunane deltek i ein form for spleiselag.

Bergen står i ein utfordrande økonomisk situasjon og har så langt i år lågare inntekter enn budsjettert. Det betyr at det blir kamp om midlane til alle oppgåvene kommunen har. Desto betre at desse midla ikkje skal gå inn i eit interkommunalt sluk.

  • Les også: Slaktar eige byråd
    Bergen er avhengig av nabokommunane, og dei er avhengige av Bergen. Det må byrådet ta omsyn til når ein ny næringspolitikk skal meislast ut. Det er likevel ikkje nokon som helst grunn til å ha eit eige organ for å klare å snakke saman.

Det lovar godt at byrådet vil styrkje næringspolitikken. Det står igjen å sjå om det innfrir.

BT rettar: I ein tidlgerare versjon av denne artikkelen stod det at 300 gründerar hadde gått etablerarsenteret. Det rette er at 300 gründerar årleg har vore gjennom senteret.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».