Hald på pengesekken

Ei ny regjering må stagge utgiftsveksten i offentleg sektor.

DYRE KOMPROMISS: Erna Solberg (H) må ta ansvar for at regjeringsforhandlingane ikkje vert for kostbare for staten. Frå v. Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp), Trine Skei Grande (V) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Cornelius Poppe, NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) skreiv i DN i haust at «et bærekraftig velferdssamfunn sikres best ved at veksten i økonomien over tid er større enn veksten i offentlige utgifter».

Det har ho heilt rett i. Men det betyr at Solberg har ein stor jobb å gjere når Høgre, Frp, Venstre og KrF samlast til regjeringsforhandlingar på Hadeland: Dei offentlege utgiftene stig nemleg jamt og trutt under hennar styring.

Les også

Fem politiske drama i 2019

Berekrafta handlar om at Noreg skal ha råd til å levere gode velferdstenester i framtida, trass i at oljeinntektene minkar. Ser ein vekk frå oljeinntektene, vil staten gå med 231 milliardar i underskot i år.

Dersom jobb nummer éin er å sikre berekrafta til velferdsstaten, må ein utgiftsbrems kome tydeleg fram i regjeringsplattforma til ei eventuell fleirtalsregjering.

Norsk økonomi går godt, og det er ingenting som i dag tilseier at staten bør bruke meir pengar. Heller tvert imot.

Det er likevel ingen parti som går inn i forhandlingane med eit mål om å bremse utgiftsveksten. Dei fire partia ønskjer kvar sine sigrar, og summen av desse kan fort bli høg.

Utviklinga som Solberg åtvarar mot kan difor halde fram. Forhandlingane kan òg forverre utviklinga, for Solberg har ein tendens til å auke oljepengebruken for å kome i mål.

Allereie i 2014 skreiv DNs Kjetil Alstadheim følgjande: «Høyres ryggrad er nå mer et sugerør inn i Oljefondet. Hver anledning brukes til å hente ut litt mer.»

Les også

Hans K. Mjelva: Slik blir 2019 (kanskje)

Inngangen til regjeringsforhandlingane har vore prega av KrFs retningsval. Den knappe sigeren til høgresida i partiet på landsmøtet, har skapt klåre forventningar om at forhandlingane skal gi store gjennomslag.

KrFs krav om å reversere delar av abortlova kjem som ein ekstra dimensjon i år. Dette er endringar regjeringa ikkje bør gå inn for. Samtidig har Solberg eit ansvar for at KrFs då ikkje får uhøveleg mykje gjennomslag som ein slags kompensasjon.

Forhandlingane er ikkje berre eit tillegg til fjorårets Jeløy-plattform. Både Frp og Venstre er ute etter fleire gjennomslag enn dei fekk i fjor.

Høgre, derimot, verkar mest opptatt av at alle skal bli einige. Ei fleirtalsregjering vil nemleg gi dei eit stort gjennomslag over tid.

I forhandlingane, kan denne kombinasjonen derimot bli veldig kostbar. Det er framtidas skattebetalarar som får rekninga.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».