Oslo på rett veg

Det er gledeleg for folket i hovudstaden at dei òg får soneparkering og rushtidsavgift.

Publisert Publisert
  • Bergens Tidende

PRIVILEGIUM FOR FALL: Oslo-bilistar må snart betale for å parkere i byens gater, slik ein allereie gjer i andre byar. Eit godt tiltak, skriv BT på leiarplass. Foto: NTB Scanpix

iconDenne artikkelen er over to år gammel

Hovudstadens bilistar har til no vore privilegerte. Det er difor godt nytt for innbyggjarane i Oslo at byrådet tek sterkare verkemiddel i bruk for å tøyle bilbruken.

Søndag fekk Oslo høgare bompengesatsar, der dei innførte rushtidsavgift for første gong. Dette er ein måte å redusere køar og luftforureining på, og samstundes presse på for at fleire skal køyre kollektivt.

Byrådet har òg vedteke at bilistane må byrje å betale for å parkere i gatene. Medan andre byar har hatt soneparkering i sentrum i mange år, har det til no kosta maksimalt 300 kroner i året å parkere i bustadområda i Oslo. I løpet av hausten og neste år blir det innført bustadsoneparkering i mesteparten av byen. Prisen blir 3000,- kroner året.

Slike tiltak er sjølvsagt ikkje populært blant bilistane. «Jeg trodde det var en trykkfeil da jeg så prisen. Det er meningsløst dyrt og gjør det nesten umulig å ha bil», seier lege Arne Hågensen til Aftenposten.

Det er å ta hardt i. Prisen er låg i høve til andre norske byar. Soneparkering i Bergen kostar 4800,- kroner i året, i Trondheim 5100,- og i Tromsø solide 7812,- kroner.

Les også

Køtiden inn til Bergen halvert etter økte bompriser i rushtiden

Dårleg luft, klimakrise og tilflytting til byane gjer det naudsynt å tenkje nytt. Med auka velstand har mange fått råd til både ein, to og tre bilar. I byane er det rett og slett ikkje plass. Bilistane i Oslo bør difor sjølve vere glade for at det blir gjort tiltak som bremsar utviklinga. Færre bilar vil gjere det lettare å finne ein parkeringsplass.

Bilistane har heller ingen grunn til å klage over prisen. Areal i dei store byane er svært dyrt, og aller dyrast i Oslo. Då er det rett og rimeleg at ein må betale for retten til å parkere i byens fellesareal, som dei kommunale gatene er. Bileigarar har ikkje meir rett på denne plassen enn syklistar og fotgjengarar.

Sterk urbanisering og fortetting gjer byane til ein nøkkel for å få ned klimautsleppa. Det er difor svært gledeleg at norske byar lærer av kvarandre, og konkurrerer om å skape meir klima- og menneskevenlege løysingar. Ingen likar auka avgifter, og det er difor viktig at innbyggjarane får noko tilbake. Betre luft og trivelegare gater, til dømes.

Dessutan må kollektivsystemet vere godt, noko det er i Oslo. Det er såleis ingen grunn til at hovudstadens bilelskarar vil lide meir enn resten av det urbane Noreg. Soneparkering og rushtidsavgift fungerer bra i Bergen og andre byar. Truleg vil Oslo-folket òg klare seg heilt fint.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Krever slutt på fossilbil-salg i 2020

  2. Debatt: Bomringer er forhistorisk

  3. - Elbil er ett billig klimatiltak

  4. Hater Venstre-ungdommen pensjonister?

Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».
  1. Klima
  2. Urbanisering
  3. Parkering
  4. Oslo
  5. Bergen