Straumpakka er for dyr og for dårleg

Regjeringa og SV bruker dei store pengane på dei som treng det minst.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) burde ha laga ei meir treffsikker straumpakke.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Regjeringa og SV er einige om ei ny pakke som skal redusere byrda på straumkundane i vinter.

SV la på drygt éin milliard i nye tiltak. Litt under halvparten av gjennomslaga til SV går til å hjelpe folk med låge inntekter.

Det rettar litt på korleis straumpakka er innretta – men berre litt.

Forliket mellom Ap, Sp og SV gjer at den nye straumpakka er på 5,7 milliardar kroner. Det kjem på toppen av tidlegare vedtekne ordningar for å hjelpe folk med straumrekninga.

I haust har det til saman blitt vedteke kompensasjons- og støtteordningar på 9,145 milliardar kroner. Dette er før regjeringa har fått laga ei ordning som gjeld dei mange som bur i burettslag og sameige.

Det vil seie at summen blir ein god del høgare enn ni milliardar kroner.

Les også

SV og regjeringen øker strømstøtten

Berre kvar tiande krone går til tiltak som er retta inn mot folk med låge inntekter.

Det er for lite.

Ni av ti støttekroner går til alle straumkundar – både dei som kan takle dei høge straumprisane heilt fint og dei som faktisk treng hjelp.

Kostnaden for skattebetalarane ville blitt lågare – og effekten for dei som treng det mest ville blitt høgare – dersom straumpakkene var meir målretta.

Les også

Strømstøtte gir 15–30 prosent rabatt på regningen: – For dem som sliter mye tror jeg ikke dette er nok

For det er veldig dyrt å redusere straumrekninga for alle.

Regjeringas største tiltak i statsbudsjettet var å redusere elavgifta med om lag ti øre i vintermånadane. Det utgjer ikkje mykje på straumrekninga til folk – men kostar staten om lag tre milliardar kroner.

Éin tredel av støttepakka går altså til å kutte prisen med ti øre. Dei sju siste dagane har snittprisen i Bergen vore 196 øre kilowattimen, ifølgje straumselskapet Tibber.

Det største grepet i den nye straumpakka er at staten skal dekkje 55 prosent av kostnaden når prisen passerer 70 øre/kWh. Det betyr at kundane vil betale 104 øre for straumen, dersom spotprisen er 150 øre.

Dette gjeld alt straumforbruk i private hus opp til 5000 kilowattimar i månaden. Det er ikkje dei som brukar mest straum som har dårlegast råd. Hadde dette taket gått ned, ville staten bidratt langt meir til dei som treng det mest.

Dette grepet er betre enn kuttet i elavgifta – men ei regjering som har lova å jobbe for økonomisk omfordeling kan ikkje vere stolt av den fordelinga dei har fått til.

Publisert: