Rune Bjerke må gå av

Tilliten til DNB må gjenreisast. Det kan ikkje Rune Bjerke gjere.

Publisert:

IKKJE RETT MANN: Rune Bjerke må overlate styringa av DNB til andre etter avsløringane om at bankens dotterselskap i Luxembourg har lagt til rette for at norske borgarar kan gøyme bort formue i utlandet, og med det unndra skatt frå den norske stat. Foto: Frode Hansen, VG

«Panama-papira» har avslørt at Norges største bank, delstatlege DNB, i nesten ti år har hjelpt norske velståande skattebetalarar med å skjule pengar på Seychellene. Toppsjef Rune Bjerke seier at han ikkje har visst om det, men at dette er noko banken ikkje skulle ha drive med. Det siste har han rett i.

Bjerke har vore toppsjef i DNB sidan januar 2007, altså omtrent like lenge som denne lyssky verksemda frå Luxembourg har gått føre seg. Når Bjerke no skal forsvare seg og leiinga i banken, gøymer han seg bak at verken han eller andre i konsernleiinga visste. Det er mogeleg at han ikkje gjorde det, men han er toppsjef, han er ansvarleg, og det skjedde på hans vakt.

Ein kan ikkje vente at ein toppleiar skal ha detaljert oversikt over kva alle 11.000 tilsette i eit konsern driv med. Men toppsjefen har ansvar for å orientere seg om dei store linjene, som å finne ut kva som er strategien og føremålet med bankens heileigde dotterselskap i storhertugdømmet Luxembourg.

Det skulle han ha gjort då dåverande finansminister Kristin Halvorsen (SV) i 2007 sa til Dagsrevyen at DNB oppfordra til ulovlegheiter gjennom verksemda i Luxembourg, og bad dei avvikle tilbodet.

Leiar om Panamapapers:

Les også

- Norge har alt å tene på eit oppgjer med den globale skatteindustrien

Det einaste banken tilsynelatande gjorde, var å fjerne det avslørande ordet "sekretesse" frå heimesidene. Med bakgrunn i det, seier Bjerke i dag at banken tok finansministeren på alvor. Det kan dei ikkje ha gjort.

Bjerke måtte ha skjønt at han var nøydd til å sette seg inn i kva Luxembourg-kontoret faktisk dreiv med når finansministeren reagerte. I staden let han att auga for at det kunne vere eit potensielt problem. Anten er det ein heilt medviten strategi eller slett leiarskap. Ingen av delane er eigna til å skape tillit.

Staten eig 34 prosent av DNB, og er bankens desidert største eigar. Det gjer det desto viktigare å halde seg på riktig side av lov og moral. DNB og andre store delstatlege verksemder seier at etikk og samfunnsansvar står høgt på agendaen.

Men at det står på ein «agenda» er ikkje nok. Ord må bli til handling, og leiinga må vise tydeleg kva samfunnsansvar faktisk betyr.

Les også:

Les også

- DNB har vist usedvanleg dårleg dømmekraft

Det er viktig å minne om at det per i dag ikkje finst dokumentasjon på at DNB har gjort seg skuldig i lovbrot. Styret i banken har bede om å få alle fakta på bordet, og vil ikkje vurdere om det har tillit til Bjerke før det er på plass. Også næringsminister Monica Mæland (H) har bede styret om alle fakta, noko DNB jobbar med.

At styret ventar med å vurdere om det har tillit til Bjerke, er riktig. Men han bør sjølv kome fram til at han må gå av. I heile Bjerkes tid som toppsjef har eit dotterselskap lagt til rette for at velståande norske kundar kan gøyme bort skattekroner frå den norske stat.

At Bjerke seier han ikkje har visst, og at han beklagar, er ikkje nok. Han bør nå overlate styringa av DNB til nokon som er betre skikka til å gjenreise tilliten til DNB.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».