Rett mann i rett tid

Jens Stoltenberg har gjort ein imponerande jobb i å samle Nato i ei vanskeleg tid.

Nato: Donald Trumps nyvunne støtte til Nato vitnar om godt politisk handverk av generalsekretær Jens Stoltenberg, skriv BT på leiarplass.

Evan Vucci / TT NYHETSBYRÅN

«Eg var ikkje tvil om kven eg ville ha», sa den amerikanske presidenten Donald Trump, etter det var klårt at Jens Stoltenberg får to nye år som generalsekretær i Nato. Uttalen uttrykkjer betre enn noko den solide jobben Stoltenberg har gjort med å halde forsvarsalliansen samla.

Då Trump tok over presidentskapen i 2017 var han ein høglydt kritikar av Nato. I valkampen truga Trump med å trekkje USA ut av forsvarsalliansen, som han meinte var «utdatert». Trump var i byrjinga av perioden òg langt meir venleg innstilt til Russland enn resten av alliansen.

Då Stoltenberg talte til den amerikanske kongressen onsdag, fekk han ståande applaus frå ei samla nasjonalforsamling for ein tale som fordømte terror frå både høgreradikale og islamistar. Den balansegangen han viste i talen, er illustrerande for det arbeidet han har gjort for å samle Nato.

Les også

Stoltenberg snakket om 22. juli i Kongressen

Trumps hovudinnvending mot Nato var at USA tok ein altfor stor del av byrda ved å forsvare alliansen. Det hadde han heilt rett i. Medan USA i 2016 brukte 3,6 prosent av BNP på forsvar, var snittet for resten av alliansen under 1,4 prosent. Ambisjonen Nato vedtok i 2014, om at alle skulle løyve to prosent av BNP til forsvaret innan 2024, såg relativt utopisk ut.

Stoltenberg gjorde toprosentmålet til ei hovudsak, noko sjølvsagt Trump og den amerikanske kongressen sette stor pris på. Trumps trugsmål gav på si side Stoltenberg musklar til å leggje meir press på USAs allierte for å få opp forsvarsløyvingane.

No har forsvarsbudsjetta i Nato auka fire år på rad, men framleis ligg under halvparten av landa an til å nå toprosentmålet. Samstundes er det internt splid i alliansen om kva trugsmål som skal prioriterast.

Det at Stoltenberg har vunne att den amerikanske presidentens støtte til Nato, utan at det er blitt sprekker i laget, er viktig for styrken i alliansen. Det er òg viktig for Europa og for Noreg. Ei rekkje rapportar frå forsvarssjefen har illustrert kor avhengig vi er av vår viktigaste allierte i ei tid der trugsmålet frå aust igjen er blitt sørgjeleg aktuelt.

I så måte er det direkte provoserande at Stoltenbergs eige heimland, Noreg, berre brukar 1,6 prosent av BNP på forsvaret. I mars uttalte statsminister Erna Solberg at Noreg ikkje har «økonomisk handlingsrom» til å nå to-prosentmålet innan 2024.

Det er tøv. Noreg har råd. Det er eit spørsmål om prioritering.

No har Stoltenberg gjort jobben med å få USA med på laget. Då må regjeringa gjere sin del, ved å sørgje for at den årlege auken i forsvarsbudsjettet har stø kurs mot to prosent av BNP.

Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen deler hver uke sine tanker om det som skjer i politikken og tipser om aktuelle kommentarer. Meld deg på nyhetsbrevet her!

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».