La ølflaska vere i fred

Nøytral emballasje på alkohol er meiningslaus moralisme.

VALFRIDOM: Nøytral emballasje vil berre bli ei irriterande påminning om at det finst snusfornuftige menneske med makt som vil bestemme korleis alle andre skal leve liva sine, skriv BT på leiarplass. Gorm Kallestad / NTB scanpix

Norsk alkoholpolitikk er allereie blant verdas strengaste. Lovleg tilgang på alt som er sterkare enn øl og rusbrus er avgrensa til Vinmonopolet. Avgiftene er skyhøge.

No tek den lokale organisasjonen DNT – Edru livsstil, tidlegare Det Norske Totalavholdsselskap, til orde for å gå eit skritt til: Å gje all alkohol ein nøytral emballasje.

Tiltaket er inspirert av røykpakkar og snusboksar, som staten har kledd i nøytrale fargar og skumle åtvaringar. Helseminister Bent Høie (H) har fått ein solid konkurrent som nasjonal festbrems.

Ideen er dårleg.

Les også

BT-leder: Jakten på røykerne

For mange vestlendingar er ein grøn Hansa sjølve symbolet på fest og moro. Lokale produsentar av øl og sider gjer kreativ bruk av flasker og etikettar for å skilje seg ut og skape ein identitet. Det aukar mangfaldet, folks valfridom og gjer livet betre.

Ideen er òg dårleg fordi det ikkje er dokumentert at nøytral innpakning har hatt nokon dempande effekt på salet av tobakk eller snus. Tvert i mot har snusprodusenten Swedish Match rapportert om auka sal etter dei nye pakningane vart innført.

Nøytrale pakningar vil difor berre bli ei irriterande påminning om at det finst snusfornuftige menneske med makt som vil bestemme korleis alle andre skal leve liva sine.

Det paradoksale er at staten allereie har teke i bruk langt meir inngripande metodar, utan at folk reagerer. Den strenge norske alkoholpolitikken har forbausande høg oppslutning. Vinmonopolet har blitt ein del av norsk kultur.

Alt nøytrale etikettar vil gjere er å synleggjere overformynderiet.

Men viktigare er det at tiltaket ikkje trengst. Alkoholforbruket i Noreg er allereie blant det lågaste i Europa, ifølgje Verdas helseorganisasjon.

Viss Edru Livsstil får viljen sin, skal du altså i framtida kunne velje mellom 20 typar gusjegrå Hansa i butikken. Det vil neppe gjere noko særleg til eller frå, anna enn å undergrave den vellykka alkoholpolitikken landet allereie har.

Ein kan ikkje forby eller paria-stemple alt ein er i mot. Statlege organ og frivillige organisasjonar er allereie svært flinke til å opplyse om farane ved alt frå tobakk og alkohol, til feitt og sukker.

Folk må få ta sine eigne val. Ønskjer dei å drikke seg fulle og ete feit mat, må dei vere frie til å gjere det. Ingen er tent med eit samfunn der all glede og fargar forsvinn.