Menn som hatar kvinner

Vi meiner Kadra-saka vitnar meir om eit valdeleg middelaldersk kvinnesyn enn om teologi.

Publisert Publisert

«DETTE FINNER vi oss ikke i», skrev VGs Olav Versto i går. Han er rasande for at Kadra Yusuf så skammeleg blei slått ned på gata. Einaste grunnen var at ho skal ha fornærma Koranen etter å ha etterlyst nylesing. Det er lite plass til den moderne kvinna i Koranen, sa Kadra.

Versto brukar kommentaren til å skildre Islams lære om kvinner, om kvinnas stilling. Han siterer til slutt eit vers om kva som ventar dei kvinnene som ikkje er lydige. Roar Hagen signerer med ei teikning av galne imamar med skjegg og hovudplagg og ei stakkars forsvarslaus jente som blir steina.

Dagbladet er like sinte på leiarplass. Også dei skriv om Kadra og hennar forhold til imamar. Dei gyselege utsegna til folk som talsmannen i Jamaat-e Ahl-E Sunnat-moskeen er diverre fersk i minnet. Han sa nyleg til VG at «Hun kan si hva hun vil, og er sikkert pen og har en pen kropp, men vi kan ikke forandre Koranen på grunn av hva en kvinne mener».

Det er god grunn til å vere rasande. Ei hending som dette — mot ei offentleg kjent ung og modig jente - skakar det norske samfunnet, som slik opplever eit slag mot grunnleggjande norske rettar, som retten til å ytre seg.

SINNET LIKNAR REDSLE : Kor går grensa for kva ein skal kunne ytre seg om utan å møte vald? Kven har lov til å snakke? Teikninga til Roar Hagen etterlet ikkje noko tvil om kven det er som ber ansvaret for ugjerninga. Det er dei religiøse muslimske lærde som har skulda. På Stortingstrappa står tafatte norske politikarar og mumlar om dialog og fred i Midt-Austen. Løva ligg som ein lubben hund. Den norske snillismen har altså gjort ville tilstandar mogeleg, er bodskapen.

Hadde det ikkje vore for at Islamsk Råd Norge alt har sendt ut pressemelding om at slikt som dette ikkje kan tolast. IRN er krasse i domen av overfallet på Kadra og oppfordrar den norsk-somaliske kvinna til å melde saka til politiet. La oss vone at diskusjonen alt er i gong i dei muslimske miljøa.

DET ER UMOGLEG å lausrive denne nye Kadra-saka heilt frå religion. Ho har måtta tola å leve under trugsmål alt for lenge. Grunngjevinga for å slå Kadra ned fann dei åtte unge somaliske mennene i islam. Men er det så enkelt denne gongen? «Vi liker henne ikke. Hun ødelegger for vår kultur», hevda ei gruppe unge somaliske menn som NRK snakka med etter overfallet. I eit samfunn der kvinner ikkje har rettar, der ho skal teia og sørgje for familien, er det nok at ho er synleg. Gutane sa kultur og ikkje religion.

Vi meiner denne saka vitnar meir om eit valdeleg middelaldersk kvinnesyn enn om teologi. Det handlar om grov kriminalitet og uakseptabel framferd. Det er også eit slikt kvinnesyn som driv kvinner - etnisk norske eller innvandrarkvinner - inn i krisesentra rundt om i landet. Valdelege menn er stort sett alltid også valdelege med kjærastane sine. Menn som foraktar kvinner treng ikkje ei teologisk grunngjeving for det. Vi bør nekte å gje dei høve til å skaffe seg det.

Spørsmålet er ikkje berre religiøst. Spørsmålet er: Kva gjer vi med kvinnehat?

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Savnet gutt (4) funnet på Voss: – Han var så trøtt at han sovnet på skulderen til mannskapet

  2. Lam fikk halen bitt av: – Noen hundeeiere ødelegger for alle andre

  3. Sjeldan fugl observert på Hjellestad

  4. Mann funnet kniv­stukket: – Vi har snakket med ham

  5. Trump med munnbind for første gang

  6. – Hva skjer når en så stor del av livene våre ikke teller?

Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».