Still krav til turbussane

Turbussar bør få same utsleppskrav som bybussane.

EKSOS: Viss strengare utsleppskrav fører til at det blir færre turbussar i Bergen sentrum, vil det berre vere ein fordel, skriv BT på leiarplass. Bård Bøe

I arbeidet med å reinske opp i dårleg luft og klimautslepp i Bergen har Hordaland Fylkeskommune bestilt 80 elektriske bussar. Men staten nektar å la fylket stille strengare utsleppskrav til kommersielle bussruter.

Det skaper eit smotthol som undergrev arbeidet med å reinske opp i bylufta i Bergen. Samferdsledepartementet bør difor snu.

Det som trengst i saka er ei endring i yrkestransportlova. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) sende i 2017 eit brev til Samferdsledepartementet, der ho bad dei endre lova.

Les også

Bussparken i Bergen byttes ut med elbusser. Men til turbus­sene stilles ingen miljø­krav.

Svaret frå dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) var at det ville vore uheldig å stille strengare krav til kommersielle bussruter, fordi dei har svak lønsemd. Dermed kunne krava føre til at tilbod forsvann.

Statssekretær Allan Ellingsen (Frp) gjentok avslaget i gårsdagens BT, og grunngav det då med at ei endring «kan svekke de kommersielle bussenes konkurranseevne mot personbiler».

Ingen av argumenta er særleg gode. Både Flybussen, Ikea-bussen og dei mange turbussane som køyrer turistar om sommaren kan lempe kostnadene over på dei som betalar, anten der er passasjerane, turoperatørar eller Ikea. Flybussen køyrer dessutan allereie på biodiesel.

Det verkar svært lite truleg at desse passasjerane vil ty til privatbilar i større grad. For drosjer finst det allereie miljøkrav, og aktørar som driv ulovleg køyring er ei sak for politiet.

Viss nye krav fører til at det blir færre turbussar i Bergen sentrum, vil det berre vere ein fordel. Desse bussane tek for mykje plass og gjer byen mindre hyggeleg for både turistar og fastbuande.

Eirik Brekke

Det er eit paradoks at regjeringa legg tunge føringar for å få ned utsleppa i Nasjonal Transportplan og byvekstavtalar, men nektar å gje fylket retten til å oppfylle krava ved å gje dei denne lovendringa. Spesielt absurd blir det når fylket sjølv følgjer krava og elektrifiserer sine bussar, medan kommersielle aktørar slepp.

I tillegg til dobbeltmoralen, viser departementet her ringakt for lokaldemokratiet. Ingen er betre til å regulere trafikk og utslepp enn folket som bur her.

Samferdsledepartementet bør difor no på eige initiativ få endra yrkestransportlova, slik at fylket får reiskapen det treng.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».