Den overdrivne frykta for reform

Regjeringas diverse reformer vil ikkje rasere distrikta. Tvert om.

VALKAMP: Senterparti-leiarane Kjersti Toppe og Trygve Slagsvold Vedum har ikkje forstått at alle reformer ikkje nødvendigvis vil rasere distrikta. Her frå valkamp i Bergen. Tor Høvik

Konservative tenkjarar liker å seie at ein må forandre for å bevare. Det er eit poeng dei distriktskonservative røystene i mellom anna Senterpartiet ikkje forstår. Skal makt og verdiar vere spreidd i heile landet, ikkje berre i storbyane, må politikarane gjennomføre reformer.

Færre kommunar, større regionar, sterkare lensmannskontor og betre høgskular. Alt dette er bra for distrikta.

Sjølv om hovudtrekka ved slike endringar er ei form for sentralisering, flyttar dei ikkje makta til Oslo eller andre storbyar. Som regel er det flytting frå ein liten stad til ein litt større stad. Difor er det bomskot å kalle til dømes kommunereforma for ei stor sentraliseringsreform.

Ein sterk kommune er betre enn to svake. Med større rådhus blir det rom for større fagmiljø, og dermed også attraktive arbeidsplassar. Det er enklare å få ein nyutdanna jurist til å flytte heim att, viss ho slepp å vere åleine på avdelinga.

Les også

Tre saker i vest som kan avgjøre valget

Politireforma er eit anna døme på det som blir framstilt som ei nedbygging av distrikta. Men symbolverdien av eit nedlagt lensmannskontor er ikkje det same som det faktiske tapet. Styrkja lensmannskontor kan gjere ein betre jobb enn før, og eit samla Vest politidistrikt kan føre til betre bruk av ressursar.

Det same gjeld høgskulereforma, som har innlemma mellom anna Høgskulen i Sogndal i ein samla vestlandshøgskule. Gjort riktig, vil endringa gjere tilbodet i Sogndal meir velskikka og syte for betre fagmiljø som konsentrerer seg om det dei er best på. Skulen vil tene på samarbeidet.

Senterpartiet gjer distrikta ei bjørneteneste ved å kjempe hardt mot alt som luktar sentralisering. Store delar av Vestlandet har godt av at tettstadane veks, sjølv om det går utover dei endå mindre plassane. Vekst er naudsynt for å leggje til rette for meir næringsverksemd og fleire arbeidsplassar.

Les også

Ap uklåre om Vestlandet: Overstyringsiveren lever

Vestlandet er ikkje tent med at alle sit på kvar si tue, ved kvar sin fjordarm, og tenkjer på seg sjølve. Det er ikkje nabobygda som er trugselen mot liv i distrikta. Større kommunar og ein samla vestlandsregion kan danne eit slagkraftig alternativ til maktkonsentrasjonen på Austlandet.

Det burde ikkje kome som ei overrasking at Høgre- og Frp-regjeringas reformer blir møtt med motstand ved årets val. Men distriktsoppgjeret og sentraliseringsdebatten treng fleire nyansar.

Større fagmiljø i distrikta er ikkje det same som sentralisering til hovudstaden. Tvert om: Det er motvekta.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».