Rett at elbilar må betale meir i bomringen

Sjølv om elbilar ikkje slepp ut CO₂, slit dei akkurat like mykje på vegane og tek akkurat like mykje plass som fossilbilar, skriv BT på leiarplass.

Problemet med forslaget frå byrådet er at det ikkje går langt nok.

Publisert Publisert

Byrådet i Bergen vil doble bompengane for elbilar i bomringen. Pengane skal gå til å finansiere bybaneprosjektet, som slit med finansieringa.

Auken byrådet foreslår er ganske forsiktig, frå fem til ti kroner utanom rushtida for dei utan autopassavtale. I rushtida vil elbilane måtte betale 22 kroner etter auken. Dermed er ein tilbake til satsane frå før bompengeforliket i 2019.

Lågare bompengar har vore viktig for å få folk til å kjøpe elbilar. Sjølv etter auken vil det løne seg stort med elbil. Prisen for ein bensinbil utan autopassavtale er til samanlikning 56 kroner pr. passering.

Betre rekkevidd og rimelegare modellar gjer at elbilar er i ferd med å ta over for fossilbilar. Neste år vil elbilar utgjere halvparten av bilane i bomringen i Bergen. Då blir det stadig meir naturleg å redusere forskjellen til fossilbilar.

Elbilar slit like mykje på vegane og tek like mykje plass som fossilbilar. Difor bør dei òg betale for seg, når ein først har eit system der bilistane betaler på denne måten.

Problemet med forslaget frå byrådet er at det ikkje går langt nok. Bybaneprosjektet ligg an til å bli langt dyrare enn planlagt.

Samferdslebyråd Tor Haakon Bakke seier til BT at bompengane må auke meir på sikt, men at han vil vente med det til etter lokalvalet neste haust. Det er politisk forståeleg, men feigt. Veljarane fortener å få rekninga på bordet.

Men uansett kven som kjem til makta etter valet, vil dei få valet mellom å auke bompengane eller droppe heile Åsane-banen. Det siste ville vore ei svært dårleg løysing, både for Åsane og byen.

Trafikken veks, og det er urealistisk at dagens vegar skal kunne ta unna all trafikken i framtida.

Bompengeopprøret i 2019 viste at smertegrensa for bompengar er nådd for mange. Å auke satsane for fossilbilar er difor knapt politisk mogeleg.

Difor må elbilistane rekne med fleire prishopp i åra som kjem, etter kvart som stadig større del av bilparken blir elektrisk.

I tillegg må politikarane belite seg, og sørgje for å få ned kostnadene så mykje som mogeleg på Åsane-banen. Til dømes ved å la banen gå over Bryggen.

Les hele saken med abonnement