No må Noreg stå opp for polske kvinner

Polen har nærast innført totalforbod mot abort. Noreg må reagere skarpt mot åtaket på kvinners grunnleggande rettar.

Publisert Publisert

Det har vore demonstrasjonar over heile Polen etter den nye abortinnstramminga sist veke. Her demonstrerer ei kvinne i Krakow. Foto: Jakub Porzycki/ Agencja Gazeta / Reuters / NTB

På få år har Polen snudd seg vekk frå europeisk samarbeid og framsteg for sivile rettar. I staden tek no landet stadige steg mot ei mørkare framtid for kvinner, homofile, etniske minoritetar og mange andre utsette grupper.

Torsdag sist veke avsa den polske forfatningsdomstolen ei kjenning om abort. Den seier at abort av ikkje-levedyktige foster strir mot grunnlova i landet. Skade på fosteret vil ikkje lenger vere ein grunn til å få innvilga abort.

Dermed blir polske kvinner frå no av tvinga til å bere fram foster som ikkje vil kunne overleve meir enn kort tid frå fødselen.

Dei einaste lovlege grunnane til abort i Polen vil framover vere at kvinna er utsett for valdtekt eller at livet hennar er i fare.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.