Kampen om det gode

Det kviler eit tungt ansvar på oss alle for å ta vare på våre grunnleggjande ideal i møte med terroren.

Publisert Publisert

TERROR: 12 menneske vart drepne og 48 skadde på ein julemarknad i Berlin i desember. Foto: Paul Sigve Amundsen

iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det er ein kamp på gang om veljarane i Europa, mellom ytste høgre og det politiske sentrum. Den kampen må sentrum ta, men utan å miste verdiane som gjer våre samfunn verdt å kjempe for.

Det siste året har Europa opplevd fire større terroråtak, og ei rekkje mindre. For ei veke sidan kom det førebels siste i Berlin, der 12 menneske vart drepne og 48 skadde på ein julemarknad.

I møte med terror og konflikt kan det vere krevjande å halde på ideala. Både Noreg og mange andre europeiske land er tufta på liberale idear som djupast sett handlar om at alle menneske har like stor verdi. I møtet med terror må menneskeverdet lyftast opp og fram i ordskiftet, ikkje gøymast vekk i lettvinte forsøk på å tekkjas det ein trur er ei meiningsbølgje.

I ei rekkje europeiske land går høgreradikale parti kraftig fram. I Frankrike seier no kvar fjerde veljar at dei støttar Front National, og Frihetspartiet i Nederland ligg like bak. Terroråtaket i Berlin nyleg vil venteleg føre til nye hopp på meiningsmålingane for partiet Alternativ for Tyskland, som frå før hadde rundt 13 prosent oppslutning.

Dei høgrepopulistiske partia serverar ofte veljarane sine lovnader om tilbakevending til ein eller annan form for nasjonal uridyll. Implisitt lovar dei ei tilbakevending til den sterke og stabile vekstperioden etter 2. verdskrig, berre utanforgruppene i innvandringsbefolkninga blir fjerna.

Det er lett å sjå det røyndomsfjerne i prosjektet, men viss ikkje sentrum har skarpe, gode og realistiske svar, både i retorikk og handling, vil partia i ytterkantane halde fram med å vekse. Ansvaret som no ligg på dei tradisjonelle politiske partia er for det første å skape tryggleik og stabilitet.

Det handlar om å hindre terror og skape økonomisk vekst, men det handlar òg om å føre ein tilstrekkeleg stram innvandringspolitikk. Ingen, spesielt ikkje innvandrarar som allereie bur i Europa, har interesse av at innvandringa blir større enn landa kan handtere på ein god måte.

For det andre stiller tida store krav til korleis vi ordlegg oss. Problem skal ikkje feiast under teppet, men retorikken må tuftast på våre grunnleggjande ideal om menneskeverd.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».