Prisauke i ADO Arena i vinterferien er usosialt

Symjing burde vere meir tilgjengeleg i ferien – ikkje mindre.

Publisert Publisert

DYRARE: For dei som ikkje reiser vekk i vinterferien kan eit besøk i ADO Arena vere kjekk. Men barnefamiliar må ut med meir pengar for å få tilgang i ferien enn elles. Foto: Tor Høvik (arkiv)

  1. Leserne mener

Neste veke er det vinterferie i Bergen. Mange barnefamiliar skal vere heime, og vil nytte seg av aktivitetstilboda som finst.

Men dersom dei vil bade i byens store symjehall ADO Arena, må dei betale meir enn om det var ei vanleg veke. Det er eit dårleg signal å sende ut.

For barn og unge aukar prisen med ti kroner, medan vaksne må betale 20 kroner ekstra. Den same prisauken skjer og kvar helg i symjehallen.

Dette står fram som eit unødvendig og usosialt prispåslag. For kommunen utgjer neppe dei ekstra 40 kronene ein vaksen og to barn må betale den store forskjellen. Men for familiane som faktisk har ein stram økonomi, er det ei belastande ekstra utgift på eit tilbod som allereie er dyrt.

Mange familiar kan ikkje ta seg råd til å reise vekk i vinterferien. For dei vil eit tilbod som ADO Arena kunne vere ein positiv aktivitet som gjer det å feriere heime meir attraktivt.

For mange vil det også vere nettopp i skuleferiar at ein har høve til å nytte seg av symjehallen, fordi ein elles har lange arbeidsdagar.

Men når prisen går opp, blir det litt vanskelegare og litt mindre tilgjengeleg for mange familiar.

Dei som mottar sosialstønad, flyktningar og nokre andre kan nytte seg av aktivitetskortet i Bergen kommune, og få tilgang til symjehallen gratis. Men kortet har berre fire klipp i ADO Arena gjennom eit heilt år. Det er i seg sjølv svært lite.

Det betyr også at prisauken også vil kunne ramme dei som har definitivt minst å rutte med, og som kanskje hadde trengt tilbodet mest.

ADO Arena er heller ikkje berre eit fritidstilbod. Det er også ein plass for å skaffe seg heilt avgjerande og livsviktig symjetrening. Ifølgje fleire undersøkingar har norske barn dårlegast symjekunnskap i Norden. I innvandringsbefolkninga er kunnskapane ekstra dårlege.

Dette gjer dei meir utsette for drukningsulukker.

Difor er ikkje ein symjehall som eit kva som helst anna fritidstilbod. Tilgang til dette handlar om liv og helse. Igjen er det ein svært uheldig effekt at ein prisauke vil kunne halde dei som treng det mest, vekke.

Bergen kommune burde gjere symjetilbodet sitt meir tilgjengeleg i skuleferien – ikkje mindre.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».