Bergen treng betre flaumvern

Klimaendringane gjer at Bergen må bli langt betre på flaumvern.

Publisert Publisert

BLIR VERRE: Ifølgje Miljødirektoratet kan det bli ei såkalla 200-års stormflod 40 gongar dei neste 45 åra. Då vil ikkje sandsekkar vere godt nok. Foto: Paul S. Amundsen (Arkiv)

  1. Leserne mener

Det vil bli oftare stormflo på Bryggen. Det er eit teikn på at klimaendringane ikkje berre vil skje i framtida. Dei er her allereie.

Difor må klimaendringane møtast med både utsleppskutt og tilpassing.

Til no i 2020 er beredskapen blitt sett på prøve to gongar. I januar enda vasstanden opp på 221 cm.

I førre veke var toppen 239 cm, éin centimeter unna rekorden frå 1990. Det lågaste punktet på Bryggen er like over dette, medan Dreggekaien ligg lågare.

Sjølv om det har gått bra til no, må ein bu seg på at det blir verre. Flaumen i førre veke kom over grensa for ei såkalla 50-års stormflo. Ei stormflo er når lågtrykk fører til at havnivået stig. Det skil seg frå springflo, som oppstår på grunn av tyngdekraft frå sol og måne.

Ifølgje Miljødirektoratet kan det bli ei såkalla 200-års stormflo 40 gongar dei neste 45 åra. Tida har verkeleg sprunge frå den merkelappen.

Les også

Var spent på hvordan dette skulle gå

På grunn av stigande havnivå kan ei slik stormflo i 2090 råke 2850 bygningar, ifølgje Kartverket. Problemet vil altså bli langt større enn berre verdsarva på Bryggen.

Som beredskapssjef Ivar Lunde i Bergen kommune seier til BT, så vil ikkje sandsekkar vere tilstrekkeleg i framtida. Difor hastar det med å finne ei meir effektiv flaumsikring.

Bergen kommune har gjort ein god jobb med å samle dei som arbeider med beredskap. Sidan ansvaret for sikring av Bryggen ved til dømes stormflod er delt mellom både fleire etatar og private huseigarar, er ei slik koordinering viktig.

Det viktigaste er likevel at utstyret er i orden. Ifølgje Lunde har Bergen kommune vurdert ulike tiltak sidan 2015, og at dei har god oversikt over kva utstyr som finst på marknaden.

Då bør det vere på plass neste gong Vågen renn over Bryggen.

På sikt vil Bergen trenge meir permanente tiltak, som sluser for å halde vatnet ute. Det vil ta tid å få på plass, men det må ein planlegge godt for allereie no.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».