Alle svara må på bordet

Barnevernet i Samnanger har svikta fleire av sine mest sårbare innbyggarar.

STØTTE: Lokalsamfunnet har i lang tid engasjert seg for å granske barnevernssakene i Samnanger. Her frå ein demonstrasjon i 2013. Silje Katrine Robinson (Arkiv)

Ein ny granskingsrapport har avslørt store feil i to barnevernssaker frå Samnanger på 2000-talet. Kommunen er ifølgje rapporten skuld i brot på både barnevernslova og god forvaltningsskikk.

Det er problematisk at det har tatt så lang tid før dei involverte foreldra og barna – men òg lokalsamfunnet i Samnanger – får vite kva som gjekk gale.

Dette burde vore fanga opp då saka vart granska første gong, i 2013.

Les også

Anne Rokkan: Barnevernet som skulle vært vernet mot seg selv

Gjort rett er granskingar viktige for å avdekke urett og alvorlege feil. Sjølv om feila ligg langt tilbake i tid, er dei nyttige for at barnevernet skal bli betre.

Fleire av manglane som kjem fram i rapporten kan sporast til at kommunen er liten. Det gjeld spesielt samanblandinga av rolla som sosialleiar og barnevernsleiar. Ifølgje rapporten har rolleblandinga gått utover «privat part» – altså foreldre og barn.

Små kommunar har små fagmiljø, og det er større fare for at ein kjenner den involverte familien. Det set eit viktig prinsipp i fare, nemleg at innbyggarane skal vere trygge på at kommunen leverer gode tenester.

Barnevern er difor eit godt argument for større kommunar.

Samnanger valde i 2016 å knyte seg til barnevernet i Bergen kommune. Det gjer at barnevernet ser heilt annleis ut no, enn då feila vart gjort.

Les også

Debatt: Nå må vi handle, ikke utrede mer

Det fritek ikkje Samnanger kommune frå ansvaret for både å finne ut kva som har skjedd og kvifor det skjedde. Både foreldre og barn har vore skadelidande.

Difor er det bra at kommunen no foreslår både å gi barna oppreising og ei unnskyldning. Beløpet på 100.000 kroner pr. barn verkar lågt.

Det er òg problematisk at foreldre ikkje får erstatning.

Ordførar Knut Harald Frøland (Bygdelista) måtte bruke dobbeltstemma si for å sikre fleirtal for denne granskingsrapporten. Det er urovekkande at kommunestyret framleis streta imot denne granskinga seinast i år.

Den nye granskinga skulle gå inn i fleire detaljar enn den førre. Når ein les rapporten, ser ein behovet for den nye granskinga.

Les også

BT mener: Rutinene i barnevernet er for dårlige

Samnanger er ikkje ferdig med desse sakene. No gir kommunen pengar til å granske ei tredje sak frå same tidsrom. Det ser likevel ikkje ut til at alle svar kjem på bordet.

I den eine saka som er blitt granska, har verja til den no vaksne kvinna motsett seg gransking.

Granskingane i Samnanger viser alvorlege veikskapar i barnevernet. No bør ingen stille seg i vegen for å få resten av svara på bordet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».