No er det nok dataskandalar i Bergen kommune

Bergen kommune viser igjen at dei ikkje klarer å ta vare på borgaranes personopplysningar. Kommunen bør no granskast.

Publisert Publisert

PERSONVERN: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) gjekk av etter Vigilo-skandalen. No har det dukka opp nok eit digitalt personvernbrot i Bergen kommune. No bør byrådet, med Roger Valhammer (Ap) og Erlend Horn (V) i spissen, ta initiativ til ei ekstern gransking, skriv BT på leiarplass. Foto: Bård Bøe

Nok ein gong viser det seg at Bergen kommune har svikta når det gjeld digitalt personvern. I 16 år har tusenvis av bilete av born frå skular og barnehagar ligge ope tilgjengeleg på kommunale datamaskiner.

Bilete av born frå skulefotografering og skuleturar er rekna som personopplysningar, og er neppe noko foreldre ønskjer at kommunens 29.000 brukarar skal ha tilgang til.

Avsløringa er den tredje alvorlege svikten i digitalt personvern i Bergen kommune på under to år. I 2018 avslørte ein 13 år gammal gut at brukarnamn og passord til ei rekke brukarar i kommunen låg ope tilgjengeleg på nettet. I staden for å rose guten for å ha avslørt databresten, svarte kommunen med å melde han til politiet.

I fjor haust avslørte BT grove tryggleiksbrot i skuleappen Vigilo. Fleire mødrer og born vart utsette for mogeleg fare, til dømes der fedrane var dømt til besøksforbod på grunn av vald eller trugslar om vald.

Les også

Byråd om ny datatabbe: – Uakseptabelt

Den nye avsløringa viser at medvit om digitalt personvern er eit gjennomgåande problem i Bergen kommune, og at det har vore det lenge.

Alle tre tilfella har vore innanfor byrådsavdeling for barnehage, skule og idrett. Den ansvarlege byråden, Linn Kristin Engø (Ap) har allereie trekt seg, som følgjer av Vigilo-skandalen.

Finansbyråd Erlend Horn (V) har no fått ansvaret for å følgje opp saka. Han seier dei no vil kartlegge saka og sikre seg at dette ikkje skjer igjen.

Det er ikkje godt nok. Byrådet har gjeve liknande svar i dei to andre sakene. Vigilo-saka viste likevel at byrådsavdelinga ikkje hadde lært av avsløringa til 13-åringen året før. Medvitet om personvern i Vigilo-saka var under ein kvar kritikk.

Difor er det rett og slett ikkje truverdig at kommunen evnar å rydde opp sjølv. Byrådet bør setje i gang ei ekstern gransking av korleis kommunen handterer personopplysningar.

Det er ikkje nok å rette opp feil etter kvar som dei dukkar opp. Skal borgarane igjen få tillit til at deira personopplysningar er trygge i kommunen, må det ei brei gransking til. Så ofte som personvernproblema har dukka opp dei siste åra, vil det vere naivt å tru at det ikkje finst fleire lik i lasta.

Det burde vere sjølvsagt at kommunen forvaltar opplysningane om innbyggarane på ein trygg og god måte. Avsløringane tyder på at mange i kommunen dessverre har for dårleg forståinga av kor viktig digitalt personvern er.

IT-system blir ikkje betre enn folka som forvaltar dei. Difor handlar dette både om kultur og IT-kompetanse. Det må no Bergen kommune ta på alvor.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».