Regjeringa må sørgje for at alle barn får undervisninga dei har krav på

Det er viktig å bevare fridomen retten til heimeundervisning gjev. Men fridomen må sikrast mot misbruk.

Det er uforståeleg at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ikkje vil skjerpe kravet til kommunane om å føre kontroll med barn med heimeundervisning, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

I eit samfunn der fridomen til den enkelte er sterkt regulert, er retten til heimeundervisning eit viktig unntak. I Noreg kan foreldre som ikkje ønskjer å ha barna i skulen, gje dei undervisning heime.

For å verne om denne fridomen er det viktig at han ikkje blir misbrukt. Dessverre skjer det, noko som kom fram i saka om «Mathias» før jul.

Tenåringen vart funne underernært i ei leilegheit i Bergen i fjor. I tillegg til vanstellet hadde han heller ikkje fått den opplæringa heime som alle barn har rett til, både etter opplæringslova og FNs menneskerettar.

BT og Aftenposten har òg fått fram at ingen veit kor mange andre saker dette skjer i, fordi kontrollen med heimeundervisninga er for dårleg.

Statsforvaltaren har vist at sjølv store kommunar som Bergen sviktar.

Difor er det uforståeleg at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ikkje vil skjerpe kravet til kommunane om å føre kontroll med barn med heimeundervisning.

I dag er det ingen krav til kor ofte det skal førast tilsyn. Det er heller ikkje krav om at barna skal vere til stades under tilsynet, eller at foreldra skal ha kompetanse til å undervise barna.

Dette må på plass.

Heimeundervisning er ein viktig fridom, men den må sikrast gjennom ein fornuftig grad av kontroll.

Brenna vil ikkje svare på kva som bør gjerast før regjeringa legg fram forslag til ny opplæringslov til våren. Det er for passivt. Ansvaret for at alle born i Noreg får undervisninga dei har krav på, ligg til sjuande og sist på hennar bord.

Avsløringane viser at det hastar med å gjere noko med problemet. Då held det ikkje å skyve ansvaret over på kommunane, og utsetje andre handlingar til våren.

Sjølv om kontrollar av opplæringslova kan vere ein måte å avdekke sosiale og fysiske overgrep, er ikkje det hovudformålet. Til det trengst det heller eit meir aktivt barnevern, og rutinar for kontroll gjennom helsevesenet.

For Brenna handlar saka om å sikre at alle born får like god undervisning, uansett om dei går på skule eller blir undervist heime.

Publisert: