Bergen treng ein teatermilliard

Kulturministeren må vere tydeleg på at staten skal finansiere utvidinga av DNS.

MEIR PLASS: – Den Nationale Scene (DNS) treng både rehabilitering og meir plass, meiner Bergens Tidende.

Rune Sævig (Arkiv)

Den Nationale Scene (DNS) treng både rehabilitering og meir plass. Ein ny rapport viser at det vil koste meir enn éin milliard kroner å utvide teateret til Rick’s-bygget like ved.

Sjølv om prosjektet er i ein tidleg fase, må staten som eineeigar sørje for at DNS sitt rehabiliteringsprosjekt kan verte realisert.

Noreg har tre nasjonale teater. To av dei ligg i Oslo og det tredje i Bergen. Staten må stille opp for DNS på lik linje som dei to scenene i hovudstaden.

Nationaltheatret i Oslo fekk 1,9 milliardar til oppussing i 2017. Dei pengane var tvingande nødvendig for å hindre eit totalt forfall av bygget. Slik er situasjonen i Bergen òg, berre at summane som trengst er langt lågare.

Regjeringa må bremse skeivfordelinga mellom Oslo og resten av landet som finst på kulturfeltet.

Éin måte å bremse skeivfordelinga litt på, er å stille opp for eit nasjonalt bygg utanfor hovudstaden. Staten har òg det kulturhistoriske ansvaret for at DNS ikkje vert øydelagt av forfall.

Det har versert to framlegg til nybygg for DNS. Det eine er eit bygg i Teaterparken. Det smale området aust for teaterbygget er verna, og vil bli komplisert å byggje ut.

Det andre alternativet ligg i Veiten 3 – det såkalla Gestapo-huset. Der er det òg sterke verneinteresser, men samankoplinga kan truleg gjerast utan store synlege inngrep.

Utvidinga vil gi DNS nye verkstader, og både Teaterkjelleren og Lille Scene kan få nye lokale. Det vil gjere det lettare for DNS å lage meir kunst, og det er trass alt hovudformålet deira. Prosjektet vil òg betre arbeidstilhøva for dei tilsette. Her er situasjonen prekær.

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) sa i fjor at ho var positiv til prosjektet, men at ho ikkje kunne love pengar.

«Jeg har tenkt å være kulturminister jæklig lenge», sa Grande på det same besøket. Statsråden bør likevel ikkje utsetje DNS-spørsmålet lenge.

Departementet hennar bør ta eit raskt vegval, slikt at problema ikkje blir verre i DNS-veggane.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».