Eit problem for fleire enn Frp

Sylvi Listhaugs betalte OL-påverking av eige parti er ei farleg utvikling.

LOBBYIST: Sylvi Listhaug blanda rollene då ho tok betalt oppdrag for å påverke Frp, samstundes som ho sat i sentralstyret i partiet. Partileiar Siv Jensen har bagatellisert saka. I staden bør ho rydde opp, skriv BT på leiarplass. Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Tysdag avslørte Dagbladet at Sylvi Listhaug (Frp) i 2013 tok betalt for å påverke sitt eige parti, samstundes som ho sat i sentralstyret. Dette er eit grunnleggjande brot med rolla til ein tillitsvald i eit parti, og kan svekkje tilliten til folkestyret.

Avsløringane kom etter at Norges idrettsforbund, etter tungt press, offentleggjorde fakturaer som viser pengebruken i forbundet. Den 30. september 2013 sende PR-selskapet First House ei rekning for arbeidet Sylvi Listhaug hadde gjort for forbundet. Listhaug byrja i First House i 2011, etter å ha vore byråd for helse, eldreomsorg og sosiale tenester i Oslo.

I fakturaen går det fram at Listhaug hadde jobba med «strategi Frp» i samband med OL-søknaden til Oslo. «Det var for politisk påvirkning, sånn jeg leser det», seier kommunikasjonssjef Nils Røine i idrettsforbundet.

Alt tyder difor på at Listhaugs jobb var å hjelpe forbundet med å påverke Frp til å støtte OL-søknaden. Dette skjedde samstundes med at Listhaug var sentralstyremedlem i partiet.

Ifølgje Frp-leiar Siv Jensen var partiet informert om at Listhaug hadde oppdrag for idrettsforbundet, men det er uklart om dei visste at ho arbeidde for å påverke sitt eige parti.

Uansett er handlinga eit svik mot partiets veljarar og tillitsvalde. Som sentralstyremedlem hadde Sylvi Listhaug inngåande kunnskap om partiet, også i denne saka. Det burde vere sjølvsagt at ein sentralt tillitsvald ikkje skal bruke slik kunnskap i betalte oppdrag for andre, spesielt ikkje når målet er å påverke partiet du er tillitsvald i.

Siv Jensen har til no bagatellisert saka, og vist til at Frp uansett sa ei klart nei til OL-søknaden på landsmøtet våren 2014. At Listhaug ikkje klarte å påverke partiet, er sjølvsagt ikkje noko forsvar for denne rolleblandinga.

Som Minerva-kommentator Jan Arild Snoen har peika på, vil denne saka kunne få politiske følgjer. Viss ikkje Frp reagerer, til dømes med å skjerpe retningslinjene for tillitsvalde, vil dei vere med på å normalisere slik åtferd og svekkje tilliten til folkevalde. Det vil råke alle parti, og kjernen i demokratiet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».