Jehovas stemmer

Trussamfunn må ikkje få nekte folk å stemme.

DEMOKRATI: – Det er ulovleg å drive stemmepåverknad i Noreg – det inkluderer å forplikte nokon til å ikkje stemme, meiner BT. Cornelius Poppe, NTB scanpix (Arkiv)

Jehovas vitne kan ekskludere medlemmer dersom dei stemmer i val, skriv Vårt Land. Det er ein uakseptabel inngriping i folks demokratiske rettar, og bør vere grunnlag for å ta frå dei statsstøtta.

Terskelen for å ta statsstøtta frå eit trussamfunn skal vere høg; trusfridomen står sterkt i Noreg.

Men norske trussamfunn kan ikkje pålegge medlemmene sine kva som helst, og framleis forvente at skattebetalarane finansierer dei. I Jehovas vitners tilfelle, bidreg staten med i underkant av sju millionar kroner.

Trussamfunnet ser ikkje på seg sjølv som ein del av denne verda, forklarer Jehovas vitne-forskar Hege Kristin Ringsnes til Vårt Land. Ho har rett i at det må vere plass til minoritetar som stiller seg på samfunnets sidelinje.

Men trusfridomen er ikkje ei blankofullmakt på statsbudsjettet.

Les også

På jakt etter lesestoff? Her er tre saker du kan lese.

Det er ulovleg å drive stemmepåverknad i Noreg – det inkluderer å forplikte nokon til ikkje å stemme. Trugslar om utfrysing er ei form for negativ sosial kontroll.

I Noreg gjeld dette dei drygt 12.500 medlemmene i Jehovas vitne.

Trussamfunnet forsvarar seg med at det ikkje er ei plikt å stemme i Noreg, slik som i til dømes Belgia. Det er ei plikt Noreg ikkje bør innføre, og det ville uansett ikkje endra på Jehovas vitners sosiale kontroll over medlemmene sine.

I statar med stemmeplikt, må Jehovas vitne stemme blankt. Det er ein like stor inngriping i stemmeretten som å nekte folk å stemme.

Poenget med stemmeplikt er uansett irrelevant. Folk må sjølv bestemme om dei vil nytte stemmeretten. Det er ikkje noko ein organisasjon eller eit trussamfunn kan bestemme for medlemmene sine.

Les også

PODKAST: Få oversikt over det britiske brexit-sirkuset på 20 minutt

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) reagerer på avsløringa. Han vil be fylkesmannsembetet vurdere denne praksisen.

I dagens trussamfunnslov står det at folks «rett og sømd» ikkje skal bli krenkja. Dette er ein regel som både er utydeleg og svært vid. Difor er det positivt at regjeringa foreslår endringar på dette området.

Det må ikkje bli slik at statsstøtta blir eit verktøy for å innskrenke trusfridomen. I dag er den det motsette, nemleg ein garantist for denne fridomen. Det er likevel behov for tydelegare reglar for tilskotsordninga, slik at medlemmer til dømes ikkje vert nekta å stemme.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».