Fornuftig plastforbod

Regjeringa gjer rett i å forby unødvendig eingongsplast.

VEKKER: Zoolog Terje Lislevand viser frem innhaldet i magen til kvalen som stranda på Sotra med magen full av plast for to år sidan. Det er bra at regjeringa no trappar opp kampen mot eingongsplast, skriv BT på leiarplass. Marita Aarekol

Verda treng ikkje plastbestikk. Likevel finst det i stort monn. Ideelt sett burde forbrukarar og butikkar sjølve finne erstatningar, men det skjer ikkje. Den einaste realistiske måten å bli kvitt unødvendig plast på er difor gjennom eit forbod.

Regjeringa skal difor har skryt for at dei no vil forby bestikk, tallerkar, sugerøyr, etepinnar, Q-tips og rørepinnar i plast. Forbodet skal etter planen tre i kraft neste vår, sa klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) då han presenterte nyhende laurdag.

Forbodet er viktig både fordi slik plast utgjer ein del av forureininga i naturen, og fordi det gjev eit viktig signal om kvar vi skal. Difor er det viktig at regjeringa samstundes får framdrift i arbeidet med å erstatte andre former for eingongsplast i samfunnet.

Regjeringa har sett ned ei gruppe som skal samarbeide med miljøorganisasjonar og næringslivet om temaet. Å få med næringslivet er grunnleggande for at ein skal få gjort noko med problemet. Plast er praktisk, men slett ikkje alltid like naudsynt. Det kan alle som kjøper plastinnpakka avokado og andre grønsaker til fredags-tacoen stadfeste.

I slike tilfelle er dei miljømessige skadeverknadene av eingongsplasten langt større enn nytteverdien.

Les også

BT-leiar i 2018: Reint hav er viktig for Noreg

Det var ikkje tilfeldig at Elvestuen slapp nyhendet om forbodet under strandryddedagen laurdag. Plast er eit av dei største trugsmåla mot livet i havet.

Plastureining er i ferd med å få eit ekstremt omfang. I januar kom ein rapport som viste at det finst mellom 500 og 1000 tonn plastavfall berre i vikene i kommunane vest for Bergen. Plast er eit av dei største trugsmåla mot livet i havet, noko som sist vart trekt fram i ein rapport frå FNs naturpanel måndag.

Plast i havet er eit problem når det blir brote ned til mikropartiklar og går inn i fisk og andre sjødyr, og dermed inn i næringskjeda. Det er òg eit problem at fisk og sjøfugl blir skada og drepne fordi det får i seg større bitar, som plastposar.

Kvalen som stranda på Sotra for to år sidan med magen full av plast vart såleis ein vekkar for heile verda.

Heldigvis er ikkje den norske regjeringa åleine om å sjå problemet. EU vil truleg innføre liknande forbod frå 2021. Vonleg vil fleire følgje etter.

Mange av verdas miljøproblem er vanskeleg å gjere noko med. Å få ned bruken av eingongsplast bør vere eit av dei lettaste.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».