Ja til bilfri Bryggen

Prøveordningar med å stengje Bryggen for privatbilar kan gje nyttig lærdom.

Publisert: Publisert:

VERDSARV: Uavhengig av Bybanen er det ønskjeleg å få ned, og helst fjerne, biltrafikken over verdsarvområdet Bryggen, skriv BT på leiarplass. Alice Bratshaug

Bryggen kan bli stengt for privatbilar om sommaren. Bystyret vedtok onsdag at byrådet skal legge fram ei sak der dei vurderar å stengje Bryggen frå mai til september. Det er ein god idé.

Anten ein likar det eller ikkje har Bryggen blitt navet svært mykje av politikken i Bergen sirklar rundt. Mest handlar det om Bybanen, om traséen til Åsane skal gå over Bryggen eller i ein tunnel bak.

Uavhengig av trasévalet er det ønskjeleg å få ned, og helst fjerne, biltrafikken over verdsarvområdet Bryggen. Å stengje Bryggen for privatbilar om sommaren, eller i helger og på kveldstid som FNB har foreslått, kan gje viktig kunnskap om konsekvensane det får for biltrafikken.

Skal eksperimentet bli vellykka, må byrådet difor sørgje for at endringane i trafikkmønsteret blir registrert og analysert. Sikrare kunnskap er grunnleggande for ein meir konstruktiv debatt om transportløysingane her i byen.

Les også

Vil ha sommerstenging av Bryggen

Som eksperiment er det ein veikskap med prøveordninga at ikkje Bryggen blir stengt for all trafikk. Både nyttetransport og kollektivtransport i rute vil få køyre som vanleg. Å stoppe denne trafikken ville likevel få alt for store konsekvensar, så lenge det ikkje er ein del av ei større trafikkomlegging.

Tolka bokstavleg vil prøveordninga likevel føre til at dei mange turistbussane som køyrer over Bryggen må finne seg ein ny trasé.

Det er ein stor fordel, så lengje dei og bilane ikkje i staden køyrer den gamle brusteinsgata bak Bryggen, Øvregaten. Bystyret ber byrådet vurdere tiltak for å regulere trafikken i Øvregaten, inkludert forbod mot tur- og turistbussar.

Slike tiltak er heilt naudsynt for at prøveordninga ikkje skal ende i kaos, og for at den skal gje overføringsverdi til ei meir permanent trafikkregulering over Bryggen.

Det blir òg interessant korleis prøveordninga påverkar trafikken i Bergen sentrum meir generelt. Viss det ikkje blir mogeleg å køyre over Bryggen, og trafikken gjennom Øvregaten blir regulert, vil det truleg føre til mindre trafikk gjennom heile sentrum.

Det vil gjere sentrum trivelegare. Samstundes er det eit spørsmål korleis det vil påverke butikkar og andre næringsdrivande. Ein kan vone at eit trivelegare sentrum vil gje meir handel, men det er slett ikkje sikkert.

Her kan prøveordninga gje ein peikepinn for framtida, og korleis ein må utvikle trafikksystemet for å sikre eit levande sentrum.

Publisert: