Handlekraft er ikkje alt

Anbodsrotet kan gi ein trøblete start for nye Øygarden kommune.

Publisert Publisert

TAR SJØLVKRITIKK: Øygarden-ordførar Børge Haugetun (TVØ) har tatt sjølvkritikk for brot på anbodsreglane. No er det opp til nye Øygarden kommune å rydde opp. Foto: Geir Martin Strande (Arkiv)

Øygarden kommune har kjøpt inn tenester ulovleg i stor skala. Ein avtale som berre skulle gjelde innkjøp for åtte millionar kroner på fire år, vart brukt til å kjøpe tenester for over 60 millionar kroner.

Éi veke før jul lyste kommunen ut eit nytt anbod, der fristen berre var på 24 timar.

Det er umogeleg å innhente seriøse anbod på så kort tid. Anbodsskikken er prega av hastverk. Dette anbodet bør vurderast av Klagenemnda for offentlege innkjøp (Kofa).

Kommunereforma har fått mange kommunar til å få fart på planlagde investeringsprosjekt. Øygarden er ein av dei kommunane der pengebruken har gått i taket.

Det kan vere freistande å bruke så mykje pengar ein kan før samanslåinga trer i kraft, men det er dårleg nytt for innbyggarane. Dei skal leve med den nye kommuneøkonomien òg.

Les også

Nå kommer Sotrasambandet

Hastverket handlar om å få prosjekta ut på marknaden før samanslåinga med Sund og Fjell vert sett i verk ved nyttår. Då blir dei tre kommunane til nye Øygarden kommune.

«Når vi skal inn i Nye Øygarden fra nyttår, så må det være lov å koste på seg noe ekstra», seier Øygarden-ordførar Børge Haugetun (Tverrpolitisk valgliste for Øygarden).

Han har rett i at Øygarden er ein rik kommune, takka vere store inntekter frå olje- og gassanlegga Sture og Kollsnes.

Men prognosen for 2019 er eit underskot på 41 millionar kroner.

Uansett kor rik kommunen er, skal ein likevel ta anbodsreglane på alvor.

Reglane er til for at skattebetalarane skal få mest mogeleg for pengane. Anbod skal òg sikre føreseielege vilkår for å handle med og gjere tenester for det offentlege.

Haugetun har, etter ei forklaring i kommunestyret, tatt sjølvkritikk:

«Jeg tar dette på største alvor, og det er Fjordparken vi har særlig grunn til å se nærmere på. Vi har hørt nok her til at det er grunn til å ta selvkritikk», sa han til BT.

Ulovleg pengebruk er ein dårleg avslutning for Øygarden kommune. Og det gir ein trøblete start for den samanslåtte kommunen.

Det første den nye kommunen må ta tak i, er innkjøpspraksisen på oppløpssida av samanslåingsprosessen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».