Det er gode tider for vestnorsk sider

Suksessen til Hardanger-sideren bør gjere at vestlandsbonden utnyttar sine konkurransefortrinn endå betre.

Publisert: Publisert:

SIDERHUSREGLANE: Her tappar Joar Aga sideren Humlepung på Aga Sideri. Fleire bør lære av sidersuksessen, meiner BT på leiarplass. Foto: Paul S. Amundsen (arkiv)

Sider frå Hardanger har etablert seg som eit høgt verdsett produkt. Nyleg henta produsentar herfrå heim ni medaljar, inkludert fire gull, då International Cider Competition 2019 gjekk av stabelen i San Sebastián i Spania.

Dette er med på å vise kva slags produkt norske bønder kan framstille på sitt aller beste. I dag er sider standard hyllevare på norske vinmonopol. Hard innsats, godt samarbeid og skarpe idear har gjeve resultat.

Men ikkje berre det: Siderklynga og dei ulike produsentane i Hardanger har utvikla eit stort sett av produkt og opplevingar.

Restauranttilbod med sidermenyar, eigne siderruter mellom ulike gardar, siderfestival og fjordcruise med innlagde siderstopp: Hardingane utnyttar potensialet godt.

Les også

En av Marit Eikemos noveller fra Hardanger skiller seg særlig ut

I sommar fekk Hardanger Siderprodusentlag tre millionar kroner for å forske på kva som er viktig for å kvalitetssikre sideren. Det er svært viktig at bøndene langs fjorden held fram med stadig å forbetre produktet, slik at ein ikkje endar med ein jippo utan kvalitet.

Når ein ser slike suksessar, bør det offentlege gjere kva dei kan for å legge til rette for vidare utvikling. Bøndene får no lov til å selje alkoholhaldig sider frå eigen gard. Det er bra.

Men det blei bråk då dei ville gjere akkurat det same på Bondens marknad i Bergen. Det er synd at eit rigid system skal stå i vegen for auka sal av vestnorsk sider. Det er lite truleg at nokre flasker førsteklasses sider over disken vil føre til flatfyll og gateslag i Bergen.

No bør andre næringar sjå til sidersuksessen. Kvaliteten og omdømet til norsk sider er no så god at dei har teke over store delar av denne marknaden på Vinmonopolet.

Det kan også andre aktørar gjere. Produsentar av frukt, ost, saft, kjøt, syltetøy og mange andre delikatesser bør la seg inspirere av suksessen til siderprodusentane i Hardanger.

Eplebøndene langs Sørfjorden har vist at potensialet er stort. I mange år blei det norske landbruket snakka ned, men framtida kan vere ljos for ei viktig vestlandsnæring.

Det treng ikkje berre vere siderproduksjonen det skal sprudle av.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».