Rollemodellen Sylvi Listhaug

Politikarar bør løfte ordskiftet opp, ikkje dra det ned. Det må vere lærdomen av Listhaug-saka.

Publisert: Publisert:

TRASSIG: Listhaugs framferd står fram som eit trassig brot med regjeringas eigen «strategi mot hatefulle ytringer», skriv BT på leiarplass. Foto: NTB scanpix

Erna Solbergs regjering har ikkje kome godt ut av den siste vekas ordskifte rundt Sylvi Listhaugs (Frp) Facebook-innlegg mot Arbeidarpartiet. Solberg (H) sjølv er audmjuka av Listhaug, som lét innlegget liggje ute trass i at Solberg gav beskjed om at det var over streken.

Listhaugs framferd står fram som eit trassig brot med regjeringas eigen «strategi mot hatefulle ytringer», som vart lansert i november 2016. I innleiinga til strategien skriv regjeringa:

«Vi som politikere, offentlige myndigheter og sentrale samfunnsaktører forplikter oss til å bekjempe hatefulle ytringer og intoleranse. Ytringsfriheten er en umistelig verdi. Den står sterkt i Norge. Vi skal ikke spre eller oppfordre til hat.»

Det er godt sagt. Offentlege personar, ikkje minst våre fremste folkevalde, har eit særskilt ansvar for å setje standarden for det offentlege ordskiftet. Ein treng ikkje mykje fantasi for å sjå at Listhaugs innlegg kunne lesast som ei oppfordring til hat.

I dette tilfelle er hatet retta mot Arbeidarpartiet, eit hat alle som følgjer med i sosiale medium og kommentarfelta veit allereie er svært sterkt i grupper som sympatiserer med Listhaug i innvandringspolitikken. Det er eit bål som ikkje treng meir bensin.

Sosiale medium og internett har demokratisert det offentlege ordskiftet. Men det har òg gjort ordskiftet meir polarisert og hatefullt. Det gjer det ekstra viktig at våre folkevalde held seg i skinnet og argumenterer sakleg og respektfullt.

Listhaug er ikkje åleine om å skape kløfter i den norske allmenta. Mange av hennar motstandarar bidreg òg med demonisering av Listhaug og hennar meiningsfeller.

At politikk skaper kjensler er ein god ting, fordi det skal stå noko på spel når meiningar brytast og politikk blir skapt. Men når kampen om merksemd gjer at kjensler overtek for rasjonelle argument, blir ordskiftet blindt.

I går bad Listhaug om orsaking frå Stortingets talarstol. Etter først å ha framført ein versjon som var så full av atterhald at Ap-leiar Jonas Gahr Støre truga med mistillitsforslag, sa ho at ho «jeg skulle ikke lagt ut dette innlegget, og jeg vil bidra til en saklig debatt i fremtiden».

Men orsakinga var ikkje nok. I går ettermiddag varsla Ap at dei vil røyste for mistillitsforslaget frå Rødt. Forslaget vil venteleg ikkje få fleirtal, fordi KrF truleg vil nøye seg med sterk kritikk.

Denne saka bør bli eit tidsskilje. Frå no bør statsrådar og andre folkevalde stå fram som gode førebilete for eit offentleg ordskifte som ikkje «spre(r) eller oppfordre(r) til hat».

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».